Romanar, noveller, forteljingar

Olav Sande

Olav Øysteinson Sande (28. juni 1850–23. august 1927) var ein skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar og komponist frå Kyrkjebø, i dag Høyanger i Sogn. Sande tok lærareksamen i 1871 og var lærar i Leikanger i Sogn frå 1873. I åra framover var han ein leiande i det frilynde ungdomarbeidet i Sogn. Han tok til å samle folkeminne og gav ut to sam […]

Hans Sande

Hans Sande (fødd 20. desember 1946 i Bergen) er ein norsk forfattar. Han er utdanna lege med psykiatri som spesialfelt. Karriere Hans Sande i samtale med Bjørn Arild Ersland Foto: Bergen Offentlige Bibliotek Hans Sande debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Han har skrive 40 bøker, både rom […]

Jakob Sande

Jakob Sande (1. desember 1906–16. mars 1967) var ein norsk forfattar og visesongar. Han vart fødd i Dale i Fjaler kommune i Sunnfjord. Sande debuterte i 1929 med diktsamlinga Svarte næter. Jakob Sande avla Cand.philol.-eksamen i 1932, og reiste deretter til sjøs. I 1935 vart han lektor i Fredrikstad, og etter andre verdskrigen arbeidde han som le […]

Bjarte Sindre

Bjarte Sindre (f. 1936) er ein norsk lektor, lokalhistorikar og forfattar. Han er fødd i Kinn i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Sindre var rektor ved Flora vidaregåande skule i perioden 1980-1999, og han har vore leiar i Sogn og Fjordane Skrivelag. Han har òg vore aktiv i Kringkastingsringen sitt arbeid for skiping av lokalradioar i Sogn og […]

Solveig Sindre

Solveig Sindre (28. desember 1934–16. september 2010) var ein norsk lærar og forfattar. Ho var frå Lillehammer og busett i Markane i Stryn kommune. Sindre tok eksamen ved Volda lærarskule 1957, og var lærar i Hurum kommune fram til 1960, då ho flytta til garden Sindre i Markane saman med ektemaken Svein Sindre. Ho har arbeidd som lærar i Markane […]

Per Sivle

Per Sivle (6. april 1857–6. september 1904) var ein norsk diktar, redaktør og journalist. Mest kjend er han for «Den fyrste song», som vart publisert første gong i 1877, sogedikt som «Tord Foleson» (1885) og barneforteljinga «Berre ein hund» (1887). Oppvekst «Dan fyrste songen, eg høyra fekkvar mor sin song atmed vogga;dei mjuke vék til h […]

Haakon Skjerdal

Haakon Skjerdal (fødd 1948) er ein norsk lærar frå Aurland kommune. Han har vore prosjektansvarleg for festivalen Nynorske litteraturdagar i Aurland i perioden 2007 – 2014.

Susanne Skogstad

Susanne Skogstad (fødd 1992) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp i Eid kommune, og er busett i Oslo.

Bjørn Kristian Skovly

Bjørn Kristian Skovly (fødd 1948) er ein norsk forfattar. Han er busett på Veitastrond i Luster kommune. I 1999 skipa Skovly reklamebyrået Sognefjord.net AS.

Gunnar Slettebakken

Gunnar Slettebakken (5. oktober 1936–6. mai 2012) var ein norsk jurist og bygdekunstnar. Han var fødd i Salhus, tok artium 1956 og juridicum 1963. I 1968 busette han seg på Sandane i Gloppen kommune, og var rådmann i kommunen fram til 1972. Han har vore lærar ved Firda gymnas i Gloppen og Langvin jordbruksskule i Stryn. Han har gjeve ut romanane […]