Menn

Jon Dyrrdal

Jon Dyrrdal (21. november 1894–25. november 1933) var ein norsk sosialøkonom og ungdomslagsorganisator. Han var frå Kyrkjebø i Høyanger kommune. Erfaringar og engasjement Dyrrdal var på studieferd i Sør-Europa og Midtausten før han drog til USA, der han studerte sosialøkonomi. Nokre av inntrykka og refleksjonane frå studieferda oppsummerte ha […]

Terje Eggum

Terje Eggum (fødd 1. april 1952) er ein norsk journalist og forfattar. Han er frå Leikanger. Eggum har arbeidd som journalist i Sunnmørsposten 1981-1986, i NRK Sogn og Fjordane 1986-1989, frå 1989 til 1992 i Sogn og Fjordane, og frå 1992 i Sogn Avis.

Finn Egil Eide

Finn Egil Eide (fødd 30. juli 1940) er ein norsk kunstnar. Han har laga verk innan måleri, grafikk og skulptur, illustrert fleire diktsamlingar og også skrive eigne dikt. Eide er fødd i Sandnes. Han studerte ved Universitetet i Bergen og NTNU, og ved Stord lærarhøgskule. Han busette seg seinare på Nordfjordeid. Eide har undervist ved Fjordane Folk […]

Ove Eide

Ove Lidvar Eide (fødd 1. september 1950 på Sandane) er ein norsk forfattar, bokredaktør, lektor og kulturarbeidar frå Sandane i Gloppen kommune. Han har gått inn for å formidla diktaren Jakob Sande, mellom anna gjennom ein biografi. Liv og virke Ove Eide tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Bergen, der han tok for seg forfattaren Lars Ru […]

Stig Roger Eide

Stig Roger Eide (fødd 1954) er ein norsk journalist og forfattar. Han er frå Åndalsnes, og busett i Førde. Eide er utdanna førskulelærar og har jobba som journalist i NRK Sogn og Fjordane og sidan 1993 i Firda.

Ludvig Eikaas

Ludvig Eikaas (fødd 20. desember 1920 i bygda Eikaas i Jølster i Sunnfjord, død 5. september 2010) var ein norsk kunstmålar, grafikar og kunstprofessor. Namnet kan òg verta stava Ludvik Eikaas. Familie Foreldra til Ludvig Eikaas var gardbrukar Daniel Eikaas og Synnøve Svidal. I 1949 gifta Eikaas seg med tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal […]

Ole Jonny Eikefjord

Ole Jonny Eikefjord (fødd 21. september 1970) er ein profilert norsk gourmetkokk, kokebokforfattar og restauranteigar. Saman med forretningsmannen Petter Stordalen eig han restaurantane Eik Annen Etage, Restaurant Eik, Restaurant Fjord og Bella Bambina. Eikefjord har også vore fast kokk på TV2 sitt populære program Sommertid, og han laga bryllau […]

Åsmund Husabø Eikenes

Åsmund Husabø Eikenes (fødd 1986) er ein norsk forfattar frå Leikanger i Sogn og Fjordane. Han har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo. Eikenes fekk Forskerforbundets Hjernekraftpris for 2013 for formidling av celledeling hos bananfluger. Hausten 2016 gav han ut ei populærvitskapleg bok om hender. Boka heiter […]

Inge Eiksund

Inge Eiksund (fødd 1921) er ein norsk lokalhistorikar. Han er busett i Naustdal.

Sigurd Eldegard

Sigurd Eldegard (fødd 15. juli 1866 i Årdal, død 30. januar 1950 i Oslo) var ein norsk skodespelar, dramatikar, teatersjef og forfattar. Han var teatersjef på Det Norske Teatret 1918-1920, og han skreiv det første nynorskstykket oppført på Nationaltheatret. I følgje Norsk Biografisk Leksikon tilhøyrde han «de fremste blant dem som brøytet vei for […]