Menn

Jon O. Bøtun

Jon O. Bøtun, (12. juli 1909–4. november 1976) var ein norsk bonde og forfattar. Han var fødd i Fresvik i Vik kommune og var også busett der.

Erling Breilid

Erling Breilid (fødd 22. november 1909 i Fresvik i Vik kommune, død 11. april 1997) var bonde og forfattar. Han har vore leiar i Fresvik ungdomslag og Fresvik arbeidarlag. Breilid skreiv mange dikt og prologar.

Kai Martin Brekke

Kai Martin Brekke (f. 1958) er ein norsk forfattar og journalist. Han er fødd i Flåm i Aurland kommune og busett i Leikanger. Brekke debuterte som forfattar i 2006 med kriminalromanen Nattergal. Handlinga tek utgangspunkt i eit mord på Flåmsbana. I 2008 kom oppfølgjaren Dødeleg arv med handling hovudsakleg i Nærøyfjorden, og i 2011 kom Kald finale […]

Jens Brekke

Jens Brekke (fødd 25. mai 1951) er ein norsk lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik. Brekke har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, og Vetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje. Som medlem av musikkgruppa «Skjerpehaugen» har han vore med på to plater, og […]

Ole Røyseth Brende

Ole Røyseth Brende (20. september 1908–8. mars 2000) var ein norsk bedriftseigar, gründar og forfattar. Han var fødd på Hareid og busett i Flora. I ungdomsåra var Brende på selfangst i ishavet og skreiv skildringar frå ferdene i Sunnmørsposten. I 1941 skipa han Florø Møbel- og Trevarefabrikk A/S. Fabrikken hadde opptil 20 personar i arbeid. Brend […]

Johannes Brochmann

Bodvar Fredrik Johannes Brochmann (fødd 19. april 1852 i Kvinesdal, død 1930) var ein norsk prest, forfattar, dramatikar og skribent. Johannes Brochmann vart cand.theol. i 1876, og arbeidde som lærar i Oslo frå 1877 til han i 1885 av helsemessige grunnar flytta til Vestlandet. Han budde i Ullensvang frå 1885, vart sokneprest i Røldal i 1900 og i […]

Hans Bull Brodtkorb

Hans Bull Brodtkorb (1884–1946) var ein norsk storviltjeger, eventyrar og forfattar. Han var fødd på Tingvoll og vaks opp på Faleide i Stryn kommune.

Arnfinn Bruflot

Arnfinn Bruflot (19. oktober 1904–1999) frå Naustdal var målar, journalist og forfattar. Han tok artium ved Firda gymnas i 1927. I 1928 emigrerte han til Amerika og var sidan busett der. Ein kort periode var han redaktør av Western Viking og han var også med i redaksjonen i Ny Verd, avisa til Vinland Mållag, der han var aktivt med. Før Bruflot re […]

Odd Helge Brugrand

Odd Helge Brugrand (fødd 29. august 1972) er ein norsk journalist og forfattar frå Lærdal. Brugrand er utdanna journalist med økonomi som tilleggsfag ved Senter for Journalistikk, Høgskolen i Bodø. Han har også studert statsvitskap ved Høgskolen i Østfold og historie ved Universitetet i Agder. Han starta i lokalavisa Sogn Avis i 1997 og har jobba […]

Jan-Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim (15. februar 1914–10. august 1988) var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker. Liv Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk. Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at h […]