Menn

Andreas Bjørkum

Andreas Bjørkum (30. mars 1932–1. april 2014) var ein norsk forfattar, språkvitar og professor ved Universitetet i Oslo. Han vaks opp i Naddvik i Årdal kommune. Bjørkum tok doktorgraden i 1974 med avhandlinga Generasjonsskilnad i indresognsmål. Han arbeidde for det meste ved Norsk Målførearkiv ved Universitetet i Oslo og var ein stor kjennar av n […]

Rolf Bjørnarheim

Rolf Bjørnarheim (fødd 1926) er ein norsk forfattar frå Gloppen i Sogn og Fjordane.

Kjell Bondevik

Kjell Olsson Bondevik (11. mars 1901–22. desember 1983) var ein norsk Kristeleg Folkeparti-politikar og folklorist fødd i Leikanger. Bondevik vaks opp i Sogndal. Bondevik var lærar ved Oslo Kristelige gymnas 1927-1931, stipendiat 1931-1933, lektor i Haugesund 1933-1937, rektor ved Sauda gymnas frå 1937, dosent i folkeminne-vitskap og folkelivsgra […]

Jarle Bondevik

Jarle Bondevik (29. juni 1934–4. april 2016) var ein norsk språkforskar, fødd i Sogndal. Han var professor i norsk språk og språkhistorie og ytte særleg viktige faglege bidrag om utviklingstrekk i nynorsk bibelmål. Liv og gjerning Bondevik tok examen artium ved landsgymnaset i Voss, før han vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1961. […]

Sverre Bortne

Sverre Bortne (6. mai 1920–28. november 1989) var jordstyresekretær i Selje kommune, og dreiv eige gartneri. Under pseudonymet Sverre Lisnes gav han ut diktsamlinga Stjernor i natta i 1944.

Øyvind Botn

Øyvind Botn (19. august 1928–7. april 2019) er ein norsk biletkunstnar og skribent. Han er frå Stårheim i Eid kommune. Han debuterte i 1953 i nasjonal samanheng med separatutstilling i UKS i Oslo 1973. Han har sidan vore representert fleire gonger på fellesmønstringar som Høstutstillingen, Vestlandsutstillinga og Distriktsutstillinga og han har h […]

Hjalmar Hjorth Boyesen

Hjalmar Hjorth Boyesen (23. september 1848–4. oktober 1895) var ein norsk professor og forfattar. Han vaks opp på Fredriksvern, Kongsberg og på Systrond i Leikanger kommune. Boyesen hadde si utdanning i tysk og skandinavisk litteratur frå universitet i Leipzig og universitetet i Oslo. Han reiste i 1869 til Amerika. Boyesen vart professor i germ […]

Wilhelm Bødal

Wilhelm Bødal (15. april 1922–22. juli 1987) frå Loen i Stryn kommune var lærar og forfattar. Han tok artium ved Firda gymns, gjekk på Stord lærarskule, Statens lærarskule i forming i Oslo og han tok vidareutdanning i historie, samfunnsfag, norsk og engelsk. Bødal var lærar i Stryn frå 1951, frå 1962 ved Stryn ungdomsskule. Han har gjeve ut fleir […]

Torvald Børtnes

Torvald Børtnes (31. mai 1907–17. juli 1961) var ein norsk lærar fødd på Hafslo i Luster kommune. Han tok eksamen ved Volda lærarskule 1928, og var lærar i Hovin i Telemark 1928-1958. Børtnes er gravlagd i bygda.

Per H. Bøthun

Per H. Bøthun (13. juni 1898–22. juni 1962) var ein norsk lærar, politikar og lokalhistorikar. Han var frå Fresvik, den gong Leikanger kommune, no Vik kommune. Bøthun var medlem av Leikanger kommunestyre 1922-1958 med unntak av krigsåra. Frå 1928 sat han i formannskapet, og var ordførar i perioden 1952-1958. Bøthun var m.a. leiar i Fresvik Ungdom […]