Menn

Peter Bendow

Peter Bendow er namnet den norske juristen, forfattaren og illustratøren David Dietrichs Svendsen Arnesen (fødd 4. august 1884 i Brunlanes, død 9. august 1959 i Oslo) tok i 1948 etter å ha brukt det som forfattarpseudonym i ei årrekke. Han brukte også av og til pseudonyma Hermann Munter og Bjørn Rafft. Peter Bendow budde i Lærdal frå 1895-1906 då […]

Kjell-Ragnar Berge

Kjell-Ragnar Berge (fødd 1957) er ein norsk lærar, krigshistorikar og forfattar. Han er fødd i Hyllestad og busett i Førde. Han gjekk Befalsskolen for Feltartilleriet i 1977, gjorde teneste ved FA-bataljonen på Setermoen i 1978, og FN-teneste i Libanon 1979-80. Berge er utdanna adjunkt, og var i 30 år tilsett ved Hafstad vidaregåande skule i Før […]

Kjell Bergfjord

Kjell Bergfjord (fødd 1947) er ein norsk lærar, historikar og forfattar. Han er frå Lindås og busett i Vik kommune. Bergfjord var i perioden 1975-1996 tilsett ved Vik vidaregåande skule, frå 1980-1996 som rektor. Frå 1996 var han assisterande administrasjonssjef i Vik kommune, seinare vart han oppvekstsjef. Bergfjord var studieleiar for lærarutd […]

Jon Bergheim

Jon Bergheim (4. august 1923–22. august 2007) er ein norsk forfattar. Han er fødd i Breim i Gloppen kommune. Bergheim nytta pseudonymet Jo Foss og har mellom anna gjeve ut diktsamlinga Villblomar og Sagt og gjort – ei samling med dikt og lokalhistorie frå Breim.

Vidar Bergset

Vidar Bergset (fødd 2. mai 1928 i Stryn) er ein norsk lærar og forfattar. Han har arbeidd i barneskule og ungdomsskule og har også vore lærar på Valdres folkehøgskole. I den tida var han også redaktør av tidsskriftet Kristen Folkehøgskole. Bergset har gjeve ut fleire bøker med forteljingar, barnebøker og dikt. Han var også medforfattar av Norge […]

Ola A. Bergset

Ola A. Bergset (13. juni 1891–10. april 1977) var ein norsk lærar. Han var frå Fjelli i Stryn kommune. Bergset tok eksamen ved Volda Lærarskule i 1912. Etter å ha hatt fleire vikariat, kom han kom til Stongfjorden i Askvoll kommune i 1913, der han vart i 50 år. Bergset var m.a. formann i Askvoll lærarlag, Stongfjorden Sanitetslag, Stongfjorden In […]

Arnfinn Berstad

Arnfinn Berstad (fødd 19. oktober 1913 i Eid, død 27. januar 2009) var ein norsk forfattar og heradsskogmeister. Han vaks opp i Kjølsdalen i Eid, og var busett i Verdal. Han gjekk på Møre folkehøgskule i 1935-1936 og Statens Skogskole i Steinkjer i 1937. Han var heradsskogmeister i Soknedal, Rennebu, Oppdal i 1944-1946, på Ålesundshalvøya 1947-19 […]

Dagfred Berstad

Dagfred Berstad (fødd 1948) er ein norsk lærar. Han er frå Ervik i Selje kommune. Han gjekk på Firda off. Realskule og Eid Gymnas, og studerte litteratur og språk ved universiteta i Bergen og Trondheim. Sidan 1976 har han vore lærar på Stadlandet og i Ervik.

Åsmund Berthelsen

Åsmund Berthelsen (fødd 1952) er ein norsk lærar, journalist, forleggjar, politikar og forfattar. Han er frå Åmdals Verk i Tokke kommune, og busett i Naustdal. Berthelsen var leiar i Senterungdomens Landsforbund 1974–1978, han var medlem av Naustdal kommunestyre for SV frå 1988, og var også varaordførar ein periode. Han var redaktør av Dølaposte […]

Absalon Pederssøn Beyer

Absalon Pederssøn Beyer, også kalla magister Absalon (1528–9. april 1575) var ein norsk prest, historikar, forfattar og lærar. Han var ein sentral norsk humanist som bidrog sterkt til den andelege reformasjonen i Noreg. Beyer var født i Aurland i Sogn. Han vart foreldrelaus då han var seks år og vart send til onkelen i Bergen. Der gjekk han på l […]