Menn

Paul O. Tomasgard

Paul O. Tomasgard (fødd 1941) er frå Hornindal kommune i Nordfjord. Han er lærar av yrke og har skrive fleire lokalhistoriske bøker. Tomasgard fekk i mars 2015 Kongens fortenestemedalje for det lokalhistoriske arbeidet han har lagt ned.

Inge Torheim

Inge Torheim (fødd 1944) er ein norsk redaktør og kunsthistorikar. Han er oppvaksen på Torheim i Eid kommune og på Bryggja i Vågsøy kommune. Torheim tok artium i 1964 og cand. mag. 1974. Han har vore lærar i grunnskulen, medarbeidar i Morgenbladet og i Riksgalleriet og redaktør av Arena. Torheim har skrive prosatekstar og kritikkar i mellom anna […]

Alf Torp

Alf Torp (27. september 1853–26. september 1916) var ein norsk filolog fødd i Stryn. Han vart student i 1871, cand.philol. 1877, professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap i 1894. Han var elev av Sophus Bugge og under eit opphald i Leipzig 1878–80 av G. Curtius og Windisch. I 1881 fekk han doktorgraden ved universitetet i Leipzig med avha […]

Oddvar Torsheim

Oddvar Hermannson Torsheim (fødd 2. november 1938 i Bergen) er ein norsk biletkunstnar (målar, teiknar og grafikar) og musikar. Han er utdanna ved Grafisk skole i Charlottenborg i Danmark og Bergen Kunst og Håndverkskole. Han voks opp på Rovde på Sunnmøre og i Naustdal i Sunnfjord, men er i dag busett i nabokommunen Førde. I oljemåleria, akvarel […]

Magnus Helge Torvanger

Magnus Helge Torvanger (fødd 1. februar 1951) er ein norsk forfattar, journalist og lokalhistorikar, fødd i Bremanger og busett i Flora kommune. Han har gitt ut barne- og ungdomsbøker og fleire fagbøker for vaksne. Han debuterte i 1979 med barneboka Fantomet er redd.

Lasse Trædal (1945-2019)

Lasse Trædal (8. januar 1945–19. juli 2019) var ein norsk adjunkt og forfattar. Han var fødd i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane, og frå 1989 var han busett på Sandøya utanfor Tvedestrand. Trædal tok utdanning ved Stord lærarskule og seinare tok han vidareutdanning i norsk og historie. Han har undervist ved Lavik barne- og ungdomsskule og sein […]

Norvald Tveit

Norvald Tveit (fødd 22. desember 1927) er ein norsk forfattar og dramatikar frå Leirvik i Hyllestad kommune i Sogn. Som dramatikar er Tveit særleg kjent for skodespela sine. Men han har òg skrive høyrespel og fjernsynsdrama for NRK, mellom anna fleire episodar for TV-seriane Kong Sverre (1978) og Vestavind (1994). Han har også skrive sakprosa, og […]

Jon Tvinnereim

Jon Tvinnereim (fødd 1936) er er ein norsk historikar og forfattar fødd i Randabygda i Stryn kommune. Han var rektor ved Møre og Romsdal distriktshøgskole i Volda 1982–1986, førsteamanuensis same stad, og forskingsleiar ved Møreforsking i Volda 1994–1997. Han var formann i Nasjonalt råd for distriktshøgskolane. Han var fylkesleiar i Møre og Romsd […]

Per Tylden

Per Tylden (18. november 1904–1967) var ein norsk språkforskar. Han var professor i nordisk språk ved Universitetet i Trondheim fra 1961 til han døydde. Tylden var frå Sogndal. Han vart cand. philol. 1932 og tok doktorgraden i 1945. Han var lektor ved Voss landsgymnas 1933-1954, amanuensis ved Universitetet i Bergen 1955-1960, dosent i Bergen 196 […]

Asbjørn Tyssen

Asbjørn Tyssen (fødd 7. september 1950) er ein norsk konservator og forfattar. Han er oppvaksen på Voss, utdanna i Bergen og busett i Førde. Tyssen er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen. Han var tilsett på Sunnfjord Museum frå 1992 til 2017.