Menn

Magnus Thingnæs

Magnus Thingnæs (9. august 1912–7. desember 1962) var ein norsk typograf og forfattar. Han vart fødd i Florø, flytta til Ålesund i 1929 og til Oslo i 1938. Der budde han til han døydde. Thingnæs var med og skipa Florø-klubben i Oslo. Han var òg aktiv i Sunnfjordlaget der.

Harald Thingnes

Harald Endre Thingnes (fødd 16. februar 1969) er ein norsk programleiar og stuntreportar for NRK Sport. Thingnes har sidan Vinter-OL 2010 hatt som oppdrag å laga innslag til NRK sine sendingar frå byen og nærområdet til større arrangement. Han har også intervju med familie og fans av deltakarane på tribunane medan renn pågår. Thingnes kjem frå Nau […]

Johs. B. Thue

Johannes Brynjulf Thue (fødd 1940), forfattar, rektor ved Høgskulen på Vestlandet 1981-1983, redaktør i Sogn Dagblad 1994-1997 og politikar for Arbeidarpartiet, er frå Balestrand kommune i Sogn. Thue har mellom anna skrive historebøker – band to av sjøfartssoga til Bergen, debattbøker, artiklar og petitar. Han debuterte i bokleg samanheng i 1975. […]

Hans H. Thyri

Hans H. Thyri (fødd 1936) er ein norsk lærar, rektor og forfattar. Han vart fødd i Erdal i Lærdal kommune, og busette seg seinare i Hallingdal. Han flytta tilbake til Lærdal då han vart pensjonist. Thyri har høgare utdanning i landbruk og samfunnsfag, og han var førsteamanuensis ved Norges landbrukshøgskole, rektor ved Lien landbruksskole i Ha […]

Rune Timberlid

Rune Timberlid (fødd 31. januar 1950 i Sogndal) er ein norsk forfattar, tidlegare informasjonssjef, journalist og avisredaktør. Han er no busett i Sogndal. Han er utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole i 1975, og arbeidde i ei rekkje redaksjonar – Sogn Dagblad, Bergens Tidende, Norsk Telegrambyrå, Fredriksstad Blad, Dagbladet og Aftenpos […]

Jan Anders Timberlid

Jan Anders Timberlid (fødd 1951) er ein norsk historikar og politikar. Han er frå Kaupanger i Sogndal kommune og er busett i Høyanger. Timberlid er dr. philos i historie frå Universitetet i Bergen 1992 og er tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane/Høgskulen på Vestlandet. Han har skrive fleire bygdebøker.

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn (fødd 15. november 1980) er ein norsk forfattar. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. I tillegg har han publisert tekstar i antologien Signaler 2001. Tjønn var fødd i Seoul i Sør-Korea, men i 1982 vart han adoptert til Noreg og Feios i Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Brynjulf Jung Tjønn vart i juni 2017 […]

Malvin Toft

Malvin Toft (1934–2010) var ein norsk fiskar, lokalhistorikar og forfattar frå Skorpa i Flora kommune. Han har gjort verdfullt samlararbeid kring nyare fiskerihistorie i Ytre Sunnfjord. Dette er publisert m.a. i seriar i Firdaposten. I 2002 fekk han kulturprisen til Flora kommune. I 2002 gav Toft ut boka Båtar med sjel.

Finn Tokvam

Finn Tokvam (fødd 25. januar 1972) er ein norsk journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Han er busett i Bergen der han jobbar som journalist og humorist i NRK, mellom anna i programpostane Radio Røynda og P.I.L.S. (Populærmusikk ispedd litt sladder). Han er òg spaltist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn Erix. Tokvam debute […]

Jon Tolaas

Jon Tolaas (3. juni 1939–1. september 2012) var ein norsk lyrikar, lektor og draumeekspert frå Vågsøy. Tolaas var utdanna cand.philol. med fransk hovudfag og arbeidde som lektor på Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid. Han debuterte som forfattar i 1967 med diktsamlinga Gjest i ditt tjeld og fekk sidan gjeve ut ei rekkje skjønnlitterære bøk […]