Menn

Lidvald Stubhaug

Lidvald Stubhaug (15. januar 1919–19. november 2012) var ein norsk lærar, skulesjef og forfattar. Han var oppvaksen i Naustdal kommune. Stubhaug tok artium ved Voss landsgymnas 1938, eksamen ved Levanger lærerskole 1940 og førebuande prøver i fiolsofi og hebraisk. Han var lærar i Vevring i Naustdal 1941-1949 og ved Rimbareid skule i Fitjar kommun […]

Rasmus Sunde

Rasmus Sunde (fødd 1944) er ein norsk historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, oppvaksen i Jølster og busett i Balestrand. Sunde har doktorgrad i migrasjonshistorie. Han var førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, frå 1991 til han vart pensjonist i 2011. Sunde har skrive fleire bøker om migrasjonshistori […]

Arnold Sunde

Arnold Sunde (1933–2016) var ein norsk lærar. Han var frå Stryn. Sunde var aktiv i lokalpolitikken, dirigent i Stryn skulekorps og spelte baryton i Stryn musikklag. Han snakka seks språk og jobba som turistguide om somrane. I 2007 mottok han Stryn kommune sin kulturpris.

Hans Supphellen

Hans Supphellen (27. mai 1905–16. desember 1993) var ein norsk bonde, sekretær og forfattar. Han var fødd i Fjærland i Sogndal kommune. Han gjekk jordbruksskule 1925, var kontrollassistent 1929-1935, jorbruksarbeidar 1935-1939 og bonde i Fjærland frå 1939. I perioden 1947-1973 var han fylkessekretær i Sogn og Fjordane bondelag.

Knut Svaar-Seljesæter

Knut Svaar-Seljesæter (1862–1957) var frå Hornindal kommune i Nordfjord. Han var forfattar av gards-og ættesoger for kommunen.

Hans Svarstad

Hans Paulson Svarstad (11. juli 1883–1. april 1971) var ein lærar, politikar og forfattar frå Innvik i Stryn kommune. Etter å ha gått amtsskulen på Eid i Nordfjord, tok Svarstad eksamen frå Volda lærarskule i 1907. Han fekk same året arbeid på folkehøgskulen Framnes, der han vart verande i 30 år. I 1931 vart han styrar for Framnes mellomskule, ei […]

Einar Svartefoss

Einar Svartefoss (17. november 1910–14. oktober 1999) var ein norsk redaktør og aviseigar. Han var frå Guddal i Fjaler kommune og busett på Hermansverk i Leikanger kommune. Han verka som journalist og seinare medeigar og redaktør i avisa Sogn og Fjordane frå 1936 og seinare til 1987. Han fortsette arbeidet i avisa, også etter at ho vart kjøpt op […]

Ivar Svensøy

Ivar Svensøy (fødd 1947) er ein norsk lektor frå Luster i Sogn. Han har undervist ved Hafstad vidaregåande skule i Førde og representert Arbeidarpartiet i Førde kommunestyre og Sogn og Fjordane fylkesting i fleire tiår. I tillegg har Ivar Svensøy delteke i ymse kulturarbeid.

Hans Andersson Systaddal

Hans Andersson Systaddal (1853–1944) var ein norsk bonde, skreddar og visediktar. Han var frå Hyllestad kommune og frå 1894 var han busett i Fjaler kommune. Systaddal var kjend som songar og kjøgemeister. I 1911 gav han ut boka Bryllups- og selskapssange.

Gustav Takle

Gustav Johannesson Takle (23. februar 1878–1909) frå Brekke i Gulen kommune var lærar og forfattar. Han gjekk på Sogndal folkehøgskule og på Voss mellomskule. Deretter gjekk Takle på Elverum lærerskole og vart ferdig der i 1900. Han var lærar i fleire skular i Gulen kommune, m.a. på Takle. I 1909 døydde Takle, berre 31 år gamal. Han hadde då vor […]