Menn

Arve Melchior Bakken

Arve Melchior Bakken (fødd 1953) er ein norsk journalist. Han er frå Årdal. Bakken har m.a. jobba som journalist i Aftenposten og i perioden 1990-1992 var han redaktør i Fjordabladet.

Albert Balchen

Albert Henrik Krohn Balchen (8. oktober 1825–12. november 1908) var ein lærar, prest, forfattar og stortingsmann, fødd i Gaular. Balchen var son til ein prest. Han vart student frå Bergens skole i 1844 og vart cand. theol. i 1848. Dei neste åra var han skulelærar og huslærar. Frå 1851 var han styrar ved borgarskulen i Levanger, deretter lærar ved […]

Gudmund Balvoll

Gudmund Balvoll (fødd 1934) er ein norsk professor i hagebruk, historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, og busett i Tønsberg. Balvoll vart dr. scient. ved Norges Landbrukshøgskole 1969, han var fylkesgartnar i Buskerud og Vestfold 1970-1986, informasjonssjef i Plantevern-Kjemi 1986-1989 og professor ved Institutt for plantefag ved NLH 1990-199 […]

Gjest Baardsen

Gjest Bårdsen (ca. 13. mars 1791–13. mai 1849) er kjend som meistertjuv og utbrytarkonge. Han verka òg som forfattar, og skreiv mellom anna si eiga livssoge. Bårdsen sat mykje i fengsel, men klarde særs ofte å rømma. Han vert ofte samanlikna med Robin Hood. Det vart sagt om han at han tok omsyn til fattige og svake, og rekna som eit slag ikkje-va […]

Lars Barmen

Lars Barmen (fødd 3. februar 1963) er ein norsk kokk frå øya Barmen i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Barmen fekk interesse for matlaging allereie som ung gut. Etter fullført kokkeskule i Åndalsnes, gjekk han to år i lære ved Alexandria Hotel i Molde. Etter denne tida opparbeida Barmen seg ei rekkje kokkestillingar. Han vart m.a. kjøkensjef ved […]

Vilhelm Barmen

Vilhelm Barmen (31. mars 1904–12. januar 1997) var ein norsk lærar frå Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.

Andreas Barsnes

Andreas Barsnes (1883–1954) var ein norsk lærar og forfattar frå Sogndal, seinare busett i Bergen. Barsnes tok eksamen frå Stord lærarskule i 1907. Han var lærar ymse stader 1907-1910, i Bergen frå 1911 og skulestyrar 1937-1953. Han var styrar av Det Vestlandske målkontor (skipa 1904) frå 1931.

Johannes Befring

Johannes Befring (9. mai 1893–8. februar 1975) var ein norsk misjonær, oberstløytnant i Frelsesarmeen og forfattar frå Stardalen i Jølster kommune i Sunnfjord. Befring misjonerte i Indonesia og i Indokina (landområde som i dag er delt mellom nasjonane Vietnam, Kambodsja og Laos). Han var redaktør i bladet Krigsropet frå 1944-1958. Johannes Befrin […]

Olav J. Befring

Olav J. Befring (1915–2000) var ein norsk bonde, sjølvlærd botanikar og amatørastronom. Han var frå Jølster. Som botanikar gav Befring i 1981 ut Jølstrafloraen. Der skreiv han mellom anna utførleg om ballastplantar, t.d. fjøreknappen. Befring vart tildelt Fylkeskulturprisen i 1985.

Sverre J. Befring

Sverre J. Befring (31. august 1924–21. juli 2003) var ein norsk bonde. Han var frå Jølster. Befring var leiar i mange år i Stardalen mannskor, og har tonesett fleire songar for koret. Han omkom 21. juli 2003 saman med syskena Johanna Tomina og Bjarne i ei silogassulukke på heimegarden.