Menn

Åge Steinset

Åge Steinset (fødd 1938) er ein norsk psykolog og biletkunstnar. Han er fødd i Svelgen i Bremanger og busett på Leikanger. Steinset har sidan 1981 delteke fleire gonger på Distriktsutstillinga og i fleire kollektivutstillingar i Galleri Leikvin og Bærum Kunstlag. Han har hatt fleire separatutstillingar ved galleri og kunstforeningar i Sogn og Fjo […]

Alf Steinsøy

Alf Steinsøy (1908–1988) frå Buskøy i Solund kommune var fiskar og lokalhistorikar. Han var formann i bygdeboknemnda og skreiv Gards- og ættesoge for Solund I og II (1982). Steinsøy har elles gjeve ut ”Krigshendingar i havkanten” (1987) og ei rad historiske artiklar i tidsskrift. Steinsøy fekk Fritt Ords honnørpris i 1984. Prisar og utmerkinga […]

Hans H. Steinsund

Hans H. Steinsund (fødd 1935) er ein norsk adjunkt. Han er frå Solund. Steinsund har vore medforfattar i fleire bøker, og han har vore aktiv som skribent i Solund sogeskrift. Steinsund har fått Kongens fortenestemedalje for lærargjerning og sogeskriving.

Olav Stendal

Olav Stendal (fødd 1920) var ein norsk skulesjef, Krf-politikar og lokalhistorikar. Han var fødd i Orkdal, busett i Naustdal. Stendal har m.a. vore varaordførar i Naustdal i åtte år, og gitt ut kyrkjesoga for Vevring, bygdesoga om Steindalen og han har vor leiar av bygdeboknemnda.

Sverre Stokke

Sverre Stokke (fødd 1949) er ein norsk lektor. Han er frå Bremanger. Stokke er høgskulelektor i kunst og handverk ved NLA-Høgskolen i Bergen. Han har hatt fleire separatutstillingar av kunstfoto, m.a. «Spor i metall» i 2011 og «Spor» i 2013.

Arnfinn Stølen

Arnfinn Stølen (fødd 1939) er musikar og høgskulelærer. Stølen er frå Øvre Årdal i Årdal kommune og busett i Oslo. Han er utdanna cand. philol. med musikk hovudfag. Stølen var tilsett som førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo. Han har arbeidd frilans som fiolinist og songar. I 1995 gav Stølen ut ”Songskatten vår” (Det Norske Samlaget) om norske […]

Alf Magnar Strand

Alf Magnar Strand (fødd 1953) kjem frå Solund i Sogn, men har det meste av sitt vaksne liv budd og arbeidd i Masfjorden i Hordaland. Han har vore lærar, rektor og er oppvekstsjef. Av utdanning er han historikar og har skrive mykje lokalhistorie i årbøker o.a. Han begynte å gje ut lyrikk i vaksen alder, debuterte skjønnlitterært med diktsamlinga I […]

Trond Strømgren

Trond Strømgren (fødd 1961) er ein norsk sivilingeniør, lærar og forfattar. Han er frå Heimdal i Trondheim kommune og busett på Batalden i Flora kommune sidan 1990. Strømgren har arbeidd som lærar og ved Kystmuséet i Sogn og Fjordane.

Arild Stubhaug

Arild Stubhaug (fødd 25. mai 1948 i Naustdal i Sunnfjord) er ein norsk forfattar. Han har skrive biografiar om m.a. Sophus Lie og Niels Henrik Abel. Stubhaug har også utgitt diktsamlingar og prosabøker. Stubhaug vaks opp på Fitjar. Han er cand.mag. frå Universitetet i Bergen med faga matematikk, litteraturvitskap og religionshistorie. Han debu […]

Lidvald Stubhaug

Lidvald Stubhaug (15. januar 1919–19. november 2012) var ein norsk lærar, skulesjef og forfattar. Han var oppvaksen i Naustdal kommune. Stubhaug tok artium ved Voss landsgymnas 1938, eksamen ved Levanger lærerskole 1940 og førebuande prøver i fiolsofi og hebraisk. Han var lærar i Vevring i Naustdal 1941-1949 og ved Rimbareid skule i Fitjar kommun […]