Menn

Lars Eliasson Søreide

Lars Eliasson Søreide (1874–1963) var ein norsk lærar, lokalhistorikar og språkgranskar. Han var fødd på Hopland i Stryn kommune. Frå 1896-1939 var Søreide lærar i Rand krins. Han skipa både idrettslag, fråhaldslag og skoglag i krinsen og var medlem av kommunestyre og skulestyre i lange bolkar. Søreide var ein ivrig folkeminne- og språkgranskar. […]

Henning Sørensen

Henning Sørensen (1961–2018) er ein norsk forfattar og ingeniør. Han er frå Stryn. Etter å ha fullført Firda Gymnas på Sandane i Gloppen hadde han ulike jobbar både i Stryn og på Sandane, før han i 1992 var ferdig på Bergen Ingeniørhøgskole. Han flytta då til Stavanger. Sørensen debuterte i 2006 med kriminalromanen Dommeren.

Jørgen Stang

Jørgen Stang (30. september 1924–13. januar 2002) var ein forfattar og biletkunstnar frå Stongfjorden i Askvoll kommune. Han budde mykje i Oslo-området og i Hamburg. Frå unge år skreiv og teikna Stang for Norsk Barneblad, Folket, Fabrikkarbeidaren og Norsk Bondeblad. I 1968 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for Rise Rugge Småttomsenn. […]

Ottar Starheim

Ottar Starheim (16. mars 1946–18. mai 2012) var ein journalist, redaktør og lokalhistorisk forfattar fødd på Stårheim i Eid kommune i Nordfjord. Starheim har sidan 1963 vore journalist i Fjordenes Tidende, VG og NRK Møre og Romsdal. I 1975 vart han styrar av NRK sitt nye kontor for Sogn og Fjordane i Førde. Kontoret starta eigne fylkessendingar […]

Hermann Starheimsæter

Hermann Starheimsæter (fødd 2. august 1950 i Lærdal) er ein norsk forfattar. Biografi Han debuterte i 1980 med diktsamlinga Lungeblæretre. Han har sidan gjeve ut tre diktsamlingar til, ei novellesamling og to barnebøker. Den tospråklege dikt/fotoboka Steinskuggar/Stoneshadows (1991) som han gav ut saman med fotograf Jens Hauge og omsetjar Rob […]

Rasmus Stauri

Rasmus Stauri (3. mars 1867–23. juni 1932) var ein norsk lærar, folkeopplysar og forfattar. Liv Stauri var fødd i Stryn av bondefolk. Mora, Siri Stauri f. Valaker, gav i 1890 ut Vævebog. Kortfattet praktisk veiledning i 70 forskjellige nyttige og smukke vævninger. Etter eksamen ved Stord lærarskule i 1888 var Stauri lærar i barneskulen og ei […]

Harald J. Stavang

Harald J. Stavang (fødd 1943) er ein norsk journalist. Han er frå Flora. Stavang har vore leiar i Flora historielag.

Olav Stedje

Olav Stedje (fødd 8. juni 1953) er ein norsk songar og låtskrivar fødd i Sogndal. Stedje er kjend frå ei rekke mjukrock-innspelingar, seks sølvplater og fire forsøk i Melodi Grand Prix. Han fekk sitt verkelege gjennombrot med songen «Vi vandrar saman». Biografi Stedje debuterte med plata Ta meg med (1981) som gav han fleire plasseringar på Nor […]

Idar Stegane

Idar Stegane (fødd 28. februar 1940) er ein norsk professor og forfattar som særleg har teke for seg norsk og nordisk litteratur. Stegane er fødd i Eikefjord i Flora kommune, busett i Bergen, der han tok mellomfag i tysk (1966) og norsk (1967), og grunnfag i allmenn litteraturvitskap (1968) ved universitetet. Same staden tok han magistergraden i […]

Absalon Steinsaaker

Absalon Steinsaaker (18. august 1880–13. februar 1943) var ein norsk lærar og forfattar. Han var frå Breim i Gloppen kommune. Steinsaaker tok eksamen ved Elverum lærerskole 1901, og var lærar i Krødsherad, Bjerkreim og Sigdal. Han kjøpte seg gard på Fiskå på Sunnmøre og busette seg der. Steinsaaker var aktiv i ungdomsarbeid og han skreiv mykje i […]