Menn

Johan Schumann

Johan Schumann (23. september 1832–1911) var ein norsk sauebonde. Han var frå Bergen. Schumann studerte landbruk i Danmark og Skottland, og tok innført skotsk svartfjessau til Norge. Han var ein føregangsmann for vestlandsk sauehald, og dreiv til dømes forsøk med silofôr. Schumann heldt også foredrag og skreiv jordbruksskrift. I 1881 kjøpte han […]

Hans Michael Seehus

Hans Michael Seehus (1734–1784) var ein norsk prest. Han var fødd i Hyllestad og vaks opp på Nordfjordeid i Eid kommune. Seehus gjekk på Bergen Katedralskole 1750-52 og var huslærar i Fåberg 1754-1758. I 1758 tok han teologisk embetseksamen i København og var prest i Århus frå 1767 til han søkte avskil i 1784.

Karl Seglem

Karl Seglem (fødd 8. juli 1961 på Årdalstangen) er ein norsk musikar (saksofon og bukkehorn), komponist og plateprodusent. Seglem er kjend frå ei rekkje innspelingar med jazz og folkemusikk i kombinasjon og som leiar av sitt eige plateselskap, NORCD, sidan 1991. Seglem vart utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule (1978–80), før han i Bergen […]

Magnus Nilsson Seim

Magnus Nilsson Seim (1872–1966) var ein norsk bonde, organisasjonsmann og Venstre-politikar. Han var fødd i Alversund, og flytta til Kinn i Flora kommune då faren kjøpte gard der i 1896. Seim tok initiativet til skiping av Fiskarfagskulen i Florø. Han var mellom anna medlem av rådet i Vestlandske Salslag, YFK og formann i Venstre i Sogn og Fjordan […]

Bjarte Sindre

Bjarte Sindre (f. 1936) er ein norsk lektor, lokalhistorikar og forfattar. Han er fødd i Kinn i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Sindre var rektor ved Flora vidaregåande skule i perioden 1980-1999, og han har vore leiar i Sogn og Fjordane Skrivelag. Han har òg vore aktiv i Kringkastingsringen sitt arbeid for skiping av lokalradioar i Sogn og […]

Per Sivle

Per Sivle (6. april 1857–6. september 1904) var ein norsk diktar, redaktør og journalist. Mest kjend er han for «Den fyrste song», som vart publisert første gong i 1877, sogedikt som «Tord Foleson» (1885) og barneforteljinga «Berre ein hund» (1887). Oppvekst «Dan fyrste songen, eg høyra fekkvar mor sin song atmed vogga;dei mjuke vék til h […]

Anders Skåsheim

Anders Skåsheim (1880–1965) var ein norsk bankmann og forfattar av bøker og artiklar. Han var født i Balestrand kommune i Sogn. Skåsheim gjekk på Treiders Handelsskule i Oslo, og fekk der utdanning innan rekneskap, økonomi og marknadsføring. Han fekk seg jobb i Bergen Notforretning og arbeidde fleire år som handelsreisande. Han var med som sekr […]

Elias Skinlo

Elias Skinlo (27. juni 1886–31. oktober 1975) var ein norsk bonde og bygdediktar frå Breim i Gloppen kommune.

Haakon Skjerdal

Haakon Skjerdal (fødd 1948) er ein norsk lærar frå Aurland kommune. Han har vore prosjektansvarleg for festivalen Nynorske litteraturdagar i Aurland i perioden 2007 – 2014.

Olav Skjerven

Olav Skjerven (15. februar 1880–3. mars 1959) var ein norsk lærar og forfattar frå Vik. Han tok eksamen ved Elverum lærerskole 1906, og i perioden 1919-1942 var han lærar i Borge i Østfold. Han var medarbeidar i Bygdabok for Vik i Sogn og skreiv artiklar i blad og tidsskrift.