Kvinner

Berit Hellem Giil

Berit Hellem Giil (fødd 24. oktober 1947) er ein norsk barnebokforfattar frå Høyanger i Sogn. Giil er utdanna adjunkt, og har vore lærar i grunnskulen i over tjue år.

Eli Kari Gjengedal

Eli Kari Gjengedal (fødd 24. mars 1971 i Leikanger) er ein norsk forfattar og akvaingeniør. Ho er kanskje mest kjend som tidlegare vêrpresentatør i StormGeo med ein sterk nynorsk profil, der ho mellom anna presenterte vêret på TV 2 frå 2000 til 2012. I tillegg har ho i kortare periodar vore programleiar på kanalen. Eli Kari Gjengedal er utdanna […]

Berit Gjerland

Berit Gjerland (fødd 1954) er ein norsk arkeolog. Ho er frå i Haukedalen i Førde kommune. Gjerland er spesialkonsulent ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho er leiar i Førde historielag.

Aud Elsa Grøneng

Aud Elsa Grøneng (fødd 1939) er ein norsk forfattar frå Askvoll kommune i Sogn og Fjordane.

Ingeborg Grytten

Ingeborg Grytten (1668–) var ein norsk salmediktar og prestedotter frå Sunnfjord. Saman med Dorothe Engelbretsdotter er ho den einaste kjende kvinnelege diktar i Noreg på 1600-talet. Livet hennar var prega av at ho vart spedalsk i ung alder. Grytten vart fødd i 1668, men det er usikkert kor lenge ho levde. Mest sannsynleg døydde ho kort tid ette […]

Elin Grytting

Elin Pehrson Grytting (fødd 13. februar 1952 i Bærum) er ein norsk folkemusikar og songar. Grytting har slektsrøter i Aurland i Sogn, og har budd på Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord sidan 1976. Ho er utdanna folkedansar og musikkpedagog, og har studert lokalhistorie og forming. Sidan 1989 har ho vore tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune […]

Anne Gullestad

Anne Gullestad (fødd 26. oktober 1925 i Kvinesdal, død 1. april 1998 i Bergen) var ein norsk skodespelar, instruktør og teatersjef. Ho var også forfattar av dramatikk og prosa. Gullestad var den første teatersjefen ved Sogn og Fjordane Teater og seinare for Riksteatret. Ho skipa sjølv Hordaland Teater og Vestlandske Teaterlag og var med på å utvi […]

Liv Nina Wie Hafstad

Liv Nina Wie Hafstad (10. juni 1958–25. mai 2019) var ein norsk rekneskapsførar og forfattar frå Førde i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. I 2016 gav Wie Hafstad ut ei bok der ho skildra sitt eige misbruk av alkohol. «Boken handler om hvilke konsekvenser et negativt avhengighetsproblem kan få», opplyste Liv Nina Wie Hafstad på si eiga nettside. […]

Sunniva af Geijerstam Hagenlund

Sunniva af Geijerstam Hagenlund (4.februar 1929–2009) er ein norsk forfattar frå Dale i Fjaler i Sunnfjord. Sunniva af Geijerstam Hagenlund har gitt ut ei bok som skildrar vennskapet mellom faren Gösta af Geijerstam og forfattaren Sigrid Undset. Den har tittelen Portrett av et vennskap og kom ut i 1994. Boka er basert på brevveksling mellom dei t […]

Marianne Clementine Håheim

Marianne Clementine Håheim (fødd 21. august 1987) er ein norsk forfattar frå Jølster i Sunnfjord. Ho debuterte i 2012 med diktsamlinga Bilydar. Marianne Clementine Håheim mottok Bjørnsonstipendet 2017.