Vik

Hans Hønsi

Hans Hønsi (1919–2007) var ein norsk forfattar og postmann frå Vik. Hønsi jobba som vegarbeidar fram til 1943. Deretter byrja han i posten, der han heldt fram til 1986.

Reidar Kjelsen

Reidar Kjelsen (fødd 10. juni 1970) i Molde er ein norsk illustratør og barnebokforfattar. Reidar Kjelsen vaks opp på Sunndalsøra, i Høyanger frå 1979-1982 og i Vik frå 1982-1986. Han gjekk på Sogndal gymnas i Sogndal frå 1986 til 1989. Kjelsen har utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole der han studerte frå 1990 til 1994. Han […]

Iver Leganger

Iver Erikssøn Leganger (26. februar 1629–3. april 1702) var ein norsk prest og forfattar. Han var fødd i Leikanger der faren Erik Iversen Nordal var sokneprest og prost. Faren hadde etternamnet etter Norddal der hans far var prest, medan Iver tok namnet «Leganger» etter Leikanger. Mora var presteenka Karen Nilsdatter Werner (død 1634). Halvbroren […]

Sigurd Nesse

Sigurd Nesse (31. mars 1852–1955), opphavleg Sjur Nesse, var ein norsk forfattar, lærar og målreisingsmann. Sigurd Nesse var frå Nessane i Balestrand i Sogn og Fjordane. Han var busett ei tid i Vik. Nesse gjekk Balestrand lærarseminar og seinare Stord Lærarskule. Han var lærar i Haukedalen i Førde 1873-1877, der han skipa misjonslag. Seinare arb […]

Noralv Pedersen

Noralv Pedersen (fødd 1975) er ein norsk forfattar og journalist, busett i Vik i Sogn. Dei siste åra har han arbeidd som journalist i NRK Sogn og Fjordane og NRK Kulturnytt. Pedersen arbeider på NRK Sogn og Fjordane sitt lokalkontor i Sogndal. Han er språkkontakt i redaksjonen og medlem i NRK sitt språkstyre. Noralv Pedersen er cand.polit. med […]

Olav Anfinnson Refsdal

Olav Anfinnson Refsdal (18. november 1862–29. mai 1945) var ein norskamerikansk prest, målmann og forfattar. Han var fødd i Vik og døydde i Amerika. Refsdal gjekk to år på Sogndal folkehøgskule og deretter Hamar Lærerseminar (1880–82) og var lærar i sju år, før han utvandra til Amerika i 1889. Same året byrja han på eit fireårig teologistudium og […]

Arne Inge Sæbø

Arne Inge Sæbø (fødd 1950) er ein norsk lektor og historikar. Han er frå Vik kommune. Sæbø starta i 1984 med å gje ut historietidsskriftet Pridlao, som har utvikla seg til eit av dei største tidsskrifta for lokalhistorie i Noreg. Han vart tilsett ved Vik lokalhistoriske arkiv i 1992. Sæbø har vore redaktør for Pridlao sidan starten i 1984, og han […]

Olav Skjerven

Olav Skjerven (15. februar 1880–3. mars 1959) var ein norsk lærar og forfattar frå Vik. Han tok eksamen ved Elverum lærerskole 1906, og i perioden 1919-1942 var han lærar i Borge i Østfold. Han var medarbeidar i Bygdabok for Vik i Sogn og skreiv artiklar i blad og tidsskrift.

Gøril Grov Sørdal

Gøril Grov Sørdal (fødd 1974) er ein norsk journalist. Ho er frå Vik i Sogn. Sørdal har studert historie, medievitskap, folkloristikk og arabisk ved Universitetet i Bergen. Sidan 2000 har ho jobba som radio- og TV-journalist i NRK. Sørdal jobba med namn og stadnamn i Norgesglasset på P1 og Språkteigen på P2, og seinare skapte og leia ho TV-serien […]

Rasmus Sunde

Rasmus Sunde (fødd 1944) er ein norsk historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, oppvaksen i Jølster og busett i Balestrand. Sunde har doktorgrad i migrasjonshistorie. Han var førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, frå 1991 til han vart pensjonist i 2011. Sunde har skrive fleire bøker om migrasjonshistori […]