Vågsøy

Johan Kvistad

Johan Kvistad (fødd 30. juli 1932 Bondalen i Hjørundfjorden, død 21. april 1997) var ein norsk lærar og forfattar. Han hadde også embetseksamen i geologi. Kvistad var lærar i Vågsøy frå 1965-1995.

Odd-Rune Midtvik

Odd-Rune Midtvik (fødd 1962) er ein norsk sjømann frå Måløy i Vågsøy kommune. Han er utdanna navigatør.

Rigmor Navekvien

Rigmor Navekvien (fødd 1935) er ein norsk forfattar frå Bryggja i Vågsøy kommune.

Elly Oppedal

Elly Oppedal (fødd 1918) er ein norsk forfattar og lærar. Ho er frå Vågsøy. Oppedal har arbeidd fleire stader i landet, og sist ved Måløy vidaregåande skule i Vågsøy. Elly debuterte som 12-åring i barnebladet Magne, men ho brukte då ikkje eige namn. Ho har seinare fått publisert arbeida sine i mellom anna Vinduet. Ho har også vore aktiv i Sogn og […]

Øystein Rakkenes

Øystein Rakkenes (fødd 1956 i Tromsø) er ein norsk journalist, forfattar og filmskapar, mellom anna kjend frå radio- og TV-program sendt i NRK. Øystein Rakkenes vaks opp i Måløy og Deknepollen i Vågsøy kommune, og er no busett på Nesodden. Han har vore sjømann og mellom anna arbeidd som rådgjevar for Dalai Lama sin stab i Dharamsala i India. Øyst […]

Mari Saltkjel

Mari Saltkjel (fødd 1976) er ein norsk teolog og lærar. Ho er frå Vågsøy i Nordfjord og arbeider som prest i Den norske kyrkja. Ho er samfunnsdebattant og har engasjert seg særskild for likestilling, både i kyrkje og samfunn.

Per Arne Skomsø

Per Arne Skomsø (fødd 20. september 1947) er ein norsk lærar og forfattar. Han er fødd på Smøla, men kom eit år gamal til Holvik i Vågsøy kommune og vaks opp der. Han tok artium i Sauda i 1966 og var lærarvikar på Maurstad 1966-1967. Skomsø gjekk på Volda lærarskule 1967-1969. Han var så lærar ved Rødven skole i Rauma kommune. Skomsø har vore ko […]

Eva Skomsø Svanøe

Eva Skomsø Svanøe (fødd 26. oktober 1954 i Holvik) er ein norsk forfattar og lærar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Eg møtte, og har vore medforfattar i fleire antologiar og lærebøker. Eva Skomsø Svanøe er opphavleg frå Vågsøy, men har vore busett på Svanøy i Flora sidan 1975, og er gift med lokalpolitikaren Ole Svanøe. Ho har vore leiar i S […]

Jon Tolaas

Jon Tolaas (3. juni 1939–1. september 2012) var ein norsk lyrikar, lektor og draumeekspert frå Vågsøy. Tolaas var utdanna cand.philol. med fransk hovudfag og arbeidde som lektor på Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid. Han debuterte som forfattar i 1967 med diktsamlinga Gjest i ditt tjeld og fekk sidan gjeve ut ei rekkje skjønnlitterære bøk […]

Inge Torheim

Inge Torheim (fødd 1944) er ein norsk redaktør og kunsthistorikar. Han er oppvaksen på Torheim i Eid kommune og på Bryggja i Vågsøy kommune. Torheim tok artium i 1964 og cand. mag. 1974. Han har vore lærar i grunnskulen, medarbeidar i Morgenbladet og i Riksgalleriet og redaktør av Arena. Torheim har skrive prosatekstar og kritikkar i mellom anna […]