Stryn

Siri Stauri

Siri Stauri (1827–1909) var ein norsk vevar og forfattar. Ho var frå Valaker i Utvik, busett i Stryn. Siri Stauri tok imot jenter i heimen og lærde dei farging og veving. I 1890 gav ho ut på eige forlag Vævebog. Kortfattet praktisk veiledning i 70 forskjellige nyttige og smukke vævninger. Ho var mor til Rasmus Stauri.

Arnold Sunde

Arnold Sunde (1933–2016) var ein norsk lærar. Han var frå Stryn. Sunde var aktiv i lokalpolitikken, dirigent i Stryn skulekorps og spelte baryton i Stryn musikklag. Han snakka seks språk og jobba som turistguide om somrane. I 2007 mottok han Stryn kommune sin kulturpris.

Hans Svarstad

Hans Paulson Svarstad (11. juli 1883–1. april 1971) var ein lærar, politikar og forfattar frå Innvik i Stryn kommune. Etter å ha gått amtsskulen på Eid i Nordfjord, tok Svarstad eksamen frå Volda lærarskule i 1907. Han fekk same året arbeid på folkehøgskulen Framnes, der han vart verande i 30 år. I 1931 vart han styrar for Framnes mellomskule, ei […]

Alf Torp

Alf Torp (27. september 1853–26. september 1916) var ein norsk filolog fødd i Stryn. Han vart student i 1871, cand.philol. 1877, professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap i 1894. Han var elev av Sophus Bugge og under eit opphald i Leipzig 1878–80 av G. Curtius og Windisch. I 1881 fekk han doktorgraden ved universitetet i Leipzig med avha […]

Jon Tvinnereim

Jon Tvinnereim (fødd 1936) er er ein norsk historikar og forfattar fødd i Randabygda i Stryn kommune. Han var rektor ved Møre og Romsdal distriktshøgskole i Volda 1982–1986, førsteamanuensis same stad, og forskingsleiar ved Møreforsking i Volda 1994–1997. Han var formann i Nasjonalt råd for distriktshøgskolane. Han var fylkesleiar i Møre og Romsd […]

Elling Vanberg

Elling Vanberg (4. september 1937–31. desember 1993) var ein norsk forfattar og bonde frå Olden i Stryn kommune. I ungdomen gjekk Vanberg i læra hjå den hollandske biletkunstnaren Dooijeward på Singerheimen i Olden i tre somrar (1951–53). Medan han avtente militærtenesta i Trondheim i siste halvdel av 1950-åra, tok han realskuleeksamen og byrja å […]

Synnøve Vinsrygg

Synnøve Vinsrygg (fødd 1945) er ein norsk arkeolog. Ho er fødd i Stryn og busett i Oslo. I 1973 tok ho magistergrad i arkeologi ved Universitetet i Bergen. Ho arbeidde i 15 år som arkeolog og vart førsteamanuensis. Etter tilleggsutdanning i internasjonale studiar arbeidde ho med ulike internasjonale oppgåver i mange land og verdsdelar, mellom ann […]