Stryn

Rolf Myklebust

Rolf Myklebust. (27. november 1908–19. juni 1990) var ein norsk fiolinist, kapellmeister og programskapar. Liv og gjerning Myklebust var frå Stryn, der faren var skreddar og felespelar. Rolf tok utdanning ved Musikkonservatoriet i Oslo, og hos konsertmester Gustav Fredrik Lange. Han debuterte i 1931 og gav i åra etter konsertar kring om i lan […]

Sigurd Nesdal

Sigurd Nesdal (27. mars 1915–12. november 2002) var ein norsk ingeniør, folkedansar og forfattar. Han var frå Innvik i Stryn kommune, men han var busett i Oslo. Nesdal var aktiv i den frilynde ungdomsrørsla, mellom anna som folkedansar. Som forfattar skreiv han Lodalen – fager og fårleg (Norsk Folkeminnelag 1983), m.a. om dei to store raskatastr […]

Sivert Nesdal

Sivert Nesdal (6. desember 1875–13. mars 1962) var ein norsk professor og misjonsprest. Han var frå Loen i Stryn kommune, men reiste 1902 til Minnesota for å studera ved St. Olaf College, der han tok graden B.A. i 1909. Same året tok Nesdal til på Den forenede Kirkes Seminar/Luther Theological Seminary i St. Paul i Minnesota. Han vart ordinert i […]

Ragnhild Skår Nesje

Ragnhild Skår Nesje (1917–2003) var ein norsk lyrikar frå Stryn. Nesje fekk allereie som barn sine første dikt trykt i avisa Fjordingen. Ho skreiv seinare humoristiske stykke under psevdonym i Sunnmørsposten, i spalta Nest siste side. Det første diktet i bokform kom på Gyldendal i Debutant-antologi 1976.

Dagny Fagerheim Nilsen

Dagny Fagerheim Nilsen (17. januar 1910–7. mai 1997) var ein norsk forfattar og evangelist. Ho vart fødd på Flo i Stryn kommune. Nilsen var evangelist i Nord-Norge i mange år, og budde i Tromsø 1949-1974, før ho flytta tilbake til Stryn. Dagny Fagerheim Nilsen har gjeve ut fire romanar med religiøst innhald.

Anne Bergset Oikonomaki

Anne Bergset Oikonomaki (fødd 1963) er ein norsk forfattar. Ho er frå Stryn, men har budd meir enn tjue år på Kreta. I 2011 flytta ho tilbake til Noreg med barna. Ho jobbar som lærar for innvandrarar i tillegg til at ho skriv romanar.

Solveig Sindre

Solveig Sindre (28. desember 1934–16. september 2010) var ein norsk lærar og forfattar. Ho var frå Lillehammer og busett i Markane i Stryn kommune. Sindre tok eksamen ved Volda lærarskule 1957, og var lærar i Hurum kommune fram til 1960, då ho flytta til garden Sindre i Markane saman med ektemaken Svein Sindre. Ho har arbeidd som lærar i Markane […]

Lars Eliasson Søreide

Lars Eliasson Søreide (1874–1963) var ein norsk lærar, lokalhistorikar og språkgranskar. Han var fødd på Hopland i Stryn kommune. Frå 1896-1939 var Søreide lærar i Rand krins. Han skipa både idrettslag, fråhaldslag og skoglag i krinsen og var medlem av kommunestyre og skulestyre i lange bolkar. Søreide var ein ivrig folkeminne- og språkgranskar. […]

Henning Sørensen

Henning Sørensen (1961–2018) er ein norsk forfattar og ingeniør. Han er frå Stryn. Etter å ha fullført Firda Gymnas på Sandane i Gloppen hadde han ulike jobbar både i Stryn og på Sandane, før han i 1992 var ferdig på Bergen Ingeniørhøgskole. Han flytta då til Stavanger. Sørensen debuterte i 2006 med kriminalromanen Dommeren.

Rasmus Stauri

Rasmus Stauri (3. mars 1867–23. juni 1932) var ein norsk lærar, folkeopplysar og forfattar. Liv Stauri var fødd i Stryn av bondefolk. Mora, Siri Stauri f. Valaker, gav i 1890 ut Vævebog. Kortfattet praktisk veiledning i 70 forskjellige nyttige og smukke vævninger. Etter eksamen ved Stord lærarskule i 1888 var Stauri lærar i barneskulen og ei […]