Sogndal

Per Tylden

Per Tylden (18. november 1904–1967) var ein norsk språkforskar. Han var professor i nordisk språk ved Universitetet i Trondheim fra 1961 til han døydde. Tylden var frå Sogndal. Han vart cand. philol. 1932 og tok doktorgraden i 1945. Han var lektor ved Voss landsgymnas 1933-1954, amanuensis ved Universitetet i Bergen 1955-1960, dosent i Bergen 196 […]

Arve Uglum

Arve Uglum (fødd 12. januar 1975) er ein norsk journalist fødd i Skjolden i Luster kommune, oppvaksen i Kaupanger og busett i Sogndal. Han er kjend som reportar for NRK Sogn og Fjordane og Vestlandsrevyen på NRK TV. Uglum er medforfattar av boka Grautmål basert på Uglum sitt eige radioprogram med same namn om dialektord frå Sogn og Fjordane. […]

Jens Vangsnes

Jens Vangsnes (4. juli 1885–27. april 1967) var ein norsk lærar, reisetalar og forfattar. Han var fødd på Vangsnes i Vik kommune. Vangsnes tok eksamen ved Stord lærarskule 1906, og han var lærar i Balestrand, Sand, Luster og Fresvik i dagens Vik kommune og krinssekretær i Sogn krins av Norges Kristelige Ungdomsforbund 1920-1940. Han var lærar og […]

Maria Tryti Vennerød

Maria Tryti Vennerød (fødd 17. januar 1978 i Oslo) er ein norsk dramatikar. Ho debuterte med «Meir» i 2002 og har sidan skrive ei rekkje tekstar for teater. Vennerød vann i 2003 den norsk-svenske dramatevlinga arrangert i samband med markeringa av Unionsoppløysinga 2005, med «Frank». Ho fekk Ibsenprisen i 2005 for «Dama i Luka». Ho hadde to av […]

Anne Britt Ylvisåker

Anne Britt Ylvisåker (fødd 1957) er ein norsk førstekonservator ved KODE, Kunstmuseene i Bergen. Ho er frå Sogndal i Sogn og Fjordane.

Gunnar Yttri

Gunnar Yttri (fødd 1966) er ein norsk historikar og forfattar frå Sogndal. Han var dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og er tilsett som forskar ved Høgskulen på Vestlandet.

Tor Yttri

Tor Yttri (fødd 1965) er ein norsk journalist og fotograf frå Sogndal i Sogn og Fjordane. Han har vore sentral i Fjellsportfestivalen Bratt Moro og arbeidet med å utvikle Sogndal som stad for toppturentusiastar. I 2013 vart han tildelt Sogndal kommune sin kulturpris. I 2006 gav Yttri ut fotoboka Til fjells i Sogn og Jotunheimen.