Sogndal

Melchior Falch

Melchior Michaelsen Falch (fødd 1720 Kaupanger, død 14. september 1791 Kaupanger) var ein norsk embetsmann, forfattar og godseigar frå Øvre Amla i Kaupanger i dagens Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Han var sorenskrivar på Sunnmøre i 25 år og frå 1778 hadde han også tittelen kanselliråd. Familie og utdanning Foreldra var Michael Melchiorson […]

Jens Andreas Friis

Jens Andreas Friis (2. mai 1821–16. februar 1896) var ein norsk språkforskar og forfattar. Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis […]

Melchior Falk Gjertsen

Melchior Falk Gjertsen (fødd 19. februar 1847 i Kaupanger, død 22. april 1913 i Minneapolis) var ein norsk-amerikansk prest, salmediktar og skuledirektør. Gjertsen utdanna seg på latinskule i Bergen Han utvandra til USA, tok presteeksamen ved Augustana Seminary og vart ordinert til prest i 1868. Han jobba som prest i Lutheran Trinity Church i Minn […]

Thore Eithun Helland

Thore Eithun Helland (fødd 12. mars 1965) er ein norsk forfattar og jurist. Helland vart fødd i Sogndal, men voks opp mellom anna i Leikanger og Norheimsund. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Bergen (1985–1992), og har arbeidd som resepsjonist i Norheimsund, vore dommarfullmektig i Stjør- og Verdal herredsrett (1993–94), Sunnfjord hera […]

Per Hilleren

Per Hilleren (fødd 7. juni 1906 på Veitastrond i Luster i Sogn og Fjordane, død 23. april 1994) var ein norsk forfattar og predikant. Han vaks opp i Sogndal og flytta seinare mykje, han var mellom anna også busett i Brekke i Gulen, Balestrand og Vadheim i Høyanger, forutan eit par stader på Austlandet. Hilleren var i ein kort periode redaktør for […]

Janniche Hilleren

Janniche Hilleren (fødd 1981) er ein norsk barnebokforfattar. Ho er frå Sogndal, busett i Luster.

Idun Anderssen Husabø

Idun Anderssen Husabø (fødd 1980 i Leikanger) er ein norsk forskar og forfattar. Ho har vore busett i Sogndal og i Leikanger. Husabø har cand. mag. i samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies ved University of London. Frå 2003-2005 var ho journalist i NRK Sogn og Fjordane, i 20 […]

Wibeke Knagenhjelm

Wibeke Sophie Knagenhjelm (fødd Haffner, fødd 14. desember 1918 i Oslo, død 1. november 2003) var ein norsk journalist, motstandskvinne, lokalhistorikar og manusforfattar. Virke Etter examen artium frå Frogner skole og ex.phil ved Universitetet i Oslo, studerte Knagenhjelm sosialøkonomi eit par semester, før ho vart assistent ved den tyske Cha […]

Henrik Krohn

Henrik Krohn (10. mai 1826–14. juni 1879) var ein norsk forfattar og målreisingsmann. Han vart fødd i Bergen, og døydde på Stedje i Sogndal. Han voks opp på Stend i Fana, men flytta i 1866 til Sogndal, der han hadde kjøpt garden Nedre Stedje. Tidlegare, i 1860, hadde han òg kjøpt ein fyrstikkfabrikk der. Henrik Krohn var gift med Johanna Augusta […]

Hermund Kvåle

Hermund Kvåle (9. april 1900–2. juli 1971) var ein norsk redaktør, kunstmålar og forfattar frå Sogndal. Han arbeidde i avisa Sogns Tidend som faren Jens H. Kvåle hadde flytta frå Lærdal til Sogndal i 1904. Kvåle var ein habil kunstmålar, og henta dei fleste av motiva sine frå landskap og tun i Sogndalsdalen. Kvåle gav også ut diktsamlinga «Då lo […]