Selje

Odd-Bjørn Fure

Odd-Bjørn Fure (fødd 5. mars 1942) på Stadtlandet) er ein norsk historikar og statsvitar. Hovudfag hadde han i samanliknande politikk, men gjekk over til historiefaget med doktorgradsavhandling i 1984 om den norske arbeidarrørsla 1918-1920. Tidlegare hadde han ikkje studert historie. Etter å ha hatt ei rekkje stillingar, var Fure professor i mode […]

Paula Fure

Paula Elisabeth Fure (fødd 19. november 1933 i Selje kommune i Nordfjord) er ein norsk kunstformidlar og forfattar. Saman med mannen sin, musikaren Svein Westad driv ho Galleri Åkern, eit privat galleri for samtidskunst, i Kongsberg. Paula Fure har 8 års utdanning frå høgskule og universitet innanfor kunst og kultur, pedagogikk, kunsthistorie, fi […]

Dagfinn Grøttå

Dagfinn Grøttå (fødd 27. september 1946) er ein norsk sjømann og lyrikar. Han er fødd i Bergen, og vaks opp på Dale i Vaksdal. Grøttå er busett i Selje. Han har jobba fleire år i marinen.

Haldor Monsson Hamarsvik

Haldor Monsson Hamarsvik (1799–23. februar 1822) var fiskar, bonde og diktar frå Selje kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Boka Sjelens sjungende Harpe, ei samling av salmar og religiøse tekstar Monsson Hamarsvik dikta, vart utgjeven posthumt i 1835 av vennen og omgangsskulelærar Peder Pederson Hamarsvik (1793-1849). Utgjevinga innheld 19 song […]

Gry Hammer

Gry Hammer (fødd 1974) er ein norsk yogalærar, bloggar og forfattar. Ho er frå Selje kommune i Sogn og Fjordane og er busett på Røyse på Ringerike. Ho har ein akademisk bakgrunn innan medievitskap, statsvitskap, litteraturvitskap, kulturfag og organisasjon og leiing. I tillegg har ho studiar i konflikt- og fleirkulturell forståing. Ho debuterte i […]

Sigbjørn Hjelle

Sigbjørn Hjelle (fødd 1947) er ein norsk lærar. Han er frå Selje. Hjelle har vore lærar ved Selje skule 1969-2006, inspektør og lærar på Stadlandet skule 2006-2012. Han er svært interessert i lokalhistorie og fotografering.

Jan Petter Hoddevik

Jan Petter Hoddevik (fødd 5. november 1964) er ein norsk forfattar frå Selje kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Hoddevik har mellom anna skrive bøker om forliset til «Sanct Svithun», eit hurtigruteskip som vart bomba av allierte fly 30. september 1943 utafor Stadtlandet. 50 menneske mista livet i ulukka, 78 blei berga.

Arne Kjøde

Arne Kjøde (1850–1933) var ein norsk lærar som gav ut eit par lærebøker og ein tittel med Nordfjord-skrøner. Arne Kjøde var fødd i Kjøde i Selje kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Han døydde i Bergen.

Wilhelm Kvalheim

Wilhelm Kvalheim (20. juni 1877–12. desember 1950) var ein norsk lærar, biletkunstnar og lokalhistorikar. Han var frå Kvalheim i Vågsøy kommune og var også m.a. busett i Selje, Stryn og Volda. Kvalheim tok lærareksamen i 1897, og var lærar i Selje 1897-1900, på Bergens kommunale skule for åndsveike 1901-1903, på Florø kommunale mellomskule i Flo […]

Jon Laberg

Jon Laberg (29. april 1859–1948) var ein norsk lærar, lokalhistorikar, statsstipendiat og Venstre-politikar. Han var i oppveksten busett på Ornes i Luster kommune. Laberg hadde eksamen frå Balestrand lærerskole 1876 og frå Stord lærarskule. Han arbeidde som lærar fleire stader: i Hoddevik på Stad i Selje kommune 1876-1878, i Erdal i Lærdal 1878-1 […]