Naustdal

Pål Naustdal

Pål Naustdal (19. mai 1890–3. april 1959) var ein norsk bonde og bygdediktar frå Naustdal i Eid kommune i Nordfjord.

Daniel Nordheim

Daniel Nordheim (1899–1986) var ein norsk lærar frå Naustdal i Sogn og Fjordane.

Anders Redal

Anders Andersson Redal (11. november 1811–22. februar 1896) var ein norsk bonde, politikar og haugianar. Han var frå Redalen i Vevring i Naustdal kommune. I ungdommen slutta Redal seg til Haugevenene i Sunnfjord og han reiste som emissær for haugerørsla i om lag 50 år, reisene betalte han med eigne midlar. Anders A. Redal skipa ei av landets før […]

Olav Redal

Olav Redal (1882–1937) var ein norsk journalist. Han var frå Naustdal. Redal drog først til Island og seinare til USA der han vart verande livet ut. Han gav ut årbøker for Sunnfjordlaget i Amerika, juleheftet Jul i Vesterland og nybyggjarsoga En norsk bygds historie. Redal skreiv mykje i norsk-amerikanske aviser og blad, og sende «amerikabrev» t […]

Oddlaug Reiakvam

Oddlaug Reiakvam (16. september 1940–11. november 1996) var ein norsk etnolog og folklorist knytt til Universitetet i Bergen, kjend for å ha gjort fotografiet interessant i forskinga som eit uttrykk for både moderne folkekultur og som historisk og etnologisk kjeldemateriale. Ho bidrog til å forme fagmiljøet for ein heil generasjon av yngre etnol […]

Harald Jarl Runde

Harald Jarl Runde (fødd 1947) er ein norsk ingeniør og lokalhistorikar. Han er fødd på Runde på Sunnmøre og busett i Naustdal. Runde har utdanning frå Televerket/Telenor og var ingeniør i Førde Teleområde og museumskonsulent i Norsk Telemuseum. Han har teke etterutdanning i lokalhistorie, historie grunnfag og pedagogikk med undervisning i grunn- […]

Hans Sande

Hans Sande (fødd 20. desember 1946 i Bergen) er ein norsk forfattar. Han er utdanna lege med psykiatri som spesialfelt. Karriere Hans Sande i samtale med Bjørn Arild Ersland Foto: Bergen Offentlige Bibliotek Hans Sande debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Han har skrive 40 bøker, både rom […]

Aasbjørn Slettemark

Aasbjørn Slettemark (3. november 1890–14. mai 1919) var ein norsk lærar og forfattar. Slettemark var frå Naustdal kommune. Han gjekk på Sunnfjord ungdomsskule 1906-1907, tok artium ved Hauges Minde i Oslo 1911 og tok til å studera filologi i 1912. Men han vart sjuk, han lei av pleuritt, og måtte gje opp studiet. I staden tok han ein tilleggsprøve […]

Jenny Ødven Snildal

Jenny Ødven Snildal (fødd 1961) er ein norsk forfattar og kyrkjeverje. Ho er fødd i Gloppen og busett i Naustdal. Snildal skriv forteljingar for barn og unge, mykje av dette er prenta i barnebladet Blåveisen. Ho har skrive fleire barnebøker og er omsett til svensk og dansk. Snildal fekk Emmaus-prisen for den første boka.

Svale Solheim

Svale Solheim (15. februar 1903–1971) var ein norsk folklorist, politikar og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Solheim tok studenteksamen med latin og gresk i 1923, studerte eit par år filologi før han drog til sjøs. Han var eit aktivt medlem av Norges Kommunistiske Parti og deltok også aktivt i motstandskampen under krigen. Solheim tok filolo […]