Naustdal

Sigurd Helle

Sigurd Helle (1910–1992) var ein norsk bonde og forfattar frå Naustdal. Han skriv høvesdikt og prologar.

Markus Jonasson Horne

Markus Salomon Jonasson Horne (13. oktober 1862–1. januar 1945) var ein norsk misjonsprest. Han var frå Naustdal. Horne gjekk misjonsskulen i Stavanger og var misjonær på Madagaskar 1893-1927. Etter endt teneste budde Horne og kona i Stavanger og seinare i Vevring i Naustdal kommune. Horne skreiv om misjonsarbeidet og gav ut eit par romanar. […]

Oddvar Isene

Oddvar Isene (fødd 1944) er ein norsk adjunkt. Han er oppvaksen på Stårheim i Eid kommune. Isene er utdanna lærar og adjunkt med hovudvekt på norsk og historie. Han har undervist i grunnskule og vidaregåande skule, og dei siste 30 åra jobba han som skuleleiar i ulike kommunar: I Strand kommune var han lærar 1972-1978 og pedagogisk konsulent 1978- […]

Albert Joleik

Albert Joleik (14. mars 1880–30. april 1968) var ein norsk bladmann, målmann og lokalhistorikar. Han vart fødd som Albert Sigvard Andersen den 14. mars 1880 i Flora i Sunnfjord i noverande Sogn og Fjordane fylke. I 1905 fekk han namnet Albert Joleik offentleg godkjend. Joleik tok universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk. Han fullfø […]

Samson Madsen Krogness

Samson Madsen Krogness (1830–1894) var ein norsk prest, lærar, redaktør og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Krogness gjekk på Stord Lærarskule 1847-1849. Han var lærar i Naustdal, Kinn, Skien og Kristiania 1849-1866. Krogness studerte teologi 1862-1866 og emigrerte til Amerika i 1866 og vart ordinert same år. Han var prest 1866-1894 og var ogs […]

Anders Kvellestad

Anders Kvellestad (1. mars 1877–8. mai 1957) var ein norsk skulestyrar og forfattar. Han var fødd i Vevring i Naustdal kommune. Han tok lærarskuleeksamen i 1899 og var på språkstudium i England 1913. Kvellestad var lærar ved Florø folkeskule 1913-1915, styrar ved Sørlandets kristelige ungdomsskole 1915-1928. Dei siste åra var Kvellestad busett i […]

Mons Litleré

Mons Litleré (fødd 2. februar 1867 i Naustdal, død 4. august 1895 i Hamburg) var ein norsk bladmann og forleggjar. Litleré var ein av pionerane i produksjon og sal av bøker på landsmål i Noreg på slutten av 1800-talet. Liv Bokmann Litleré voks opp i Naustdal i Sunnfjord der foreldra dreiv landhandel. Han gjekk Amtsskulen på Apalset i Gloppen o […]

Ivar Myklebust Longvastøl

Ivar Myklebust Longvastøl (fødd 23. september 1957) er ein norsk journalist. Han er frå Vartdal og busett i Naustdal. Longvastøl har i fleire år og periodar vore tilsett i Firda. Longvastøl har også vore lærar ved Naustdal Ungdomsskule, ved Volda vidaregåande skule og ved NRK Sogn og Fjordane. I ein periode var han leiar av Nynorsk avissenter. […]

Eldrid Lunden

Eldrid Lunden (fødd 5. oktober 1940 I Naustdal) er ein norsk lyrikar og professor i skrivekunst. Ho er utdanna cand. philol. frå Universitetet i Oslo 1973, hovudoppgåva hennar i nordisk heitte Kvar gjekk Nora? : individualisme og kvinnesyn i tre norske drama. På 60-talet var ho del av Profil-krinsen, ei tid var ho også redaksjonsmedlem i Profil. […]

Kåre Lunden

Kåre Lunden (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013) var ein norsk historikar. Lunden var opphavleg bondegut frå Sunnfjord. Han tok eksamen som sivilagronom frå Norges landbrukshøgskole i 1957. Han vart Cand.philol. i 1965. Han var sekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1957, og var professor i historie ved Universitetet i O […]