Luster

Gudveig Mundal

Gudveig Mundal (5. juni 1898–3. oktober 1965) var ein norsk lærar og forfattar. Ho var fødd på Hafslo i Luster kommune. Ho tok eksamen ved Stord lærarskule i 1920 og var lærar i Sogndal 1920-1922, i Havøysund 1923-1925, i Vegårshei frå 1925-1960. Ho var også organist ved Vegårshei kyrkje.

Olav Gisle Øvrebø

Olav Gisle Øvrebø (fødd 19. juli 1989) er ein norsk forfattar frå Luster kommune. Han debuterte i 2011 med den nynorske diktboka Barn som leikar på Flamme forlag. Boka handlar om drapssaka på James Bulger frå Liverpool i 1993. Drapsmennene var to gutar på ti år. Øvrebø lever seg inn i bakgrunnen og situasjonen til drapsmennene, og dikta er ei bl […]

Kåre Øvregard

Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933) er ein norsk Ap-politikar, lærar, rådmann og forfattar. Øvregard var fødd i Jostedalen, og busett i Gaupne i Luster kommune. Han tok eksamen ved Stord lærarskule 1957, Statens sløyd og tegneskole 1961 og sommarkurs ved NLH 1964. Han var lærar ved Sperle skule 1957-1962 og Gaupne barneskule 1962-1975. Øvrega […]

Marie Sandvik

Marie Sandvik (1902–1992) var ein norsk-amerikansk lærar og misjonær. Ho var frå Joranger i Luster kommune og busett i Minneapolis i Minnesota. I 1920 emigrerte Sandvik frå Noreg til Amerika. Ho vart lærar ved ein misjonsskule i Seattle, og byrja arbeida i slumområde i Minneapolis. Her laga ho ein misjonsstasjon og kyrkje av ein tidlegare bar. Ve […]

Bjørn Kristian Skovly

Bjørn Kristian Skovly (fødd 1948) er ein norsk forfattar. Han er busett på Veitastrond i Luster kommune. I 1999 skipa Skovly reklamebyrået Sognefjord.net AS.

Susanna Lomheim Solem

Susanna Lomheim Solem (fødd 1939) er frå Luster i Sogn og Fjordane. Ho har høgare postutdanning og har studert lokalhistorie, fransk og administrasjon og leiing. Solem har arbeidd i ulike avdelingar i Posten, både i Oslo, Trondheim og Sogndal.

Ivar Svensøy

Ivar Svensøy (fødd 1947) er ein norsk lektor frå Luster i Sogn. Han har undervist ved Hafstad vidaregåande skule i Førde og representert Arbeidarpartiet i Førde kommunestyre og Sogn og Fjordane fylkesting i fleire tiår. I tillegg har Ivar Svensøy delteke i ymse kulturarbeid.

Per Tang

Per Tang (1. juni 1882–31. oktober 1954) var ein norsk offiser og kartograf. Han var frå Hafslo i Luster kommune. Tang tok eksamen frå den Militære høgskulen i 1907 og arbeidde i generalstaben frå 1909. Frå 1913 arbeidde han i Norges geografiske oppmåling, frå 1918 til 1948 som topograf. Tang grunnla grensearkivet til oppmålinga og bidrog til å […]

Arve Uglum

Arve Uglum (fødd 12. januar 1975) er ein norsk journalist fødd i Skjolden i Luster kommune, oppvaksen i Kaupanger og busett i Sogndal. Han er kjend som reportar og programleiar for NRK TV og NRK Radio. Uglum er medforfattar av boka Grautmål basert på Uglum sitt eige radioprogram med same namn om dialektord frå Sogn og Fjordane.Sidan 2013 har han […]

Arnfinn Urnes

Arnfinn Urnes (1888–1952) var ein norsk lærar og forfattar. Han var fødd i Hafslo i Luster kommune. Urnes tok eksamen ved Stord lærarskule 1910, og han var lærar i Hjartdal 1910-1912, Furnes 1912-1914, Kvitingsøy 1914-1918 og Jevnaker 1918-1942.