Luster

Sigrid Hesjevoll

Sigrid Hesjevoll (fødd 1987) er ein norsk lyrikar og forfattar. Ho gav ut lyrikksingelen Manual for betre dagar på Flamme Forlag i 2016, og hennar fyrste bok, Naudsynt happy ending, kjem ut på same forlag i 2017. Hesjevoll er frå Jostedal i Luster kommune. Sigrid Hesjevoll har utdanning frå Universitetet i Oslo. Ho jobbar som omsetjar, språkvaskar […]

Per Hilleren

Per Hilleren (fødd 7. juni 1906 på Veitastrond i Luster i Sogn og Fjordane, død 23. april 1994) var ein norsk forfattar og predikant. Han vaks opp i Sogndal og flytta seinare mykje, han var mellom anna også busett i Brekke i Gulen, Balestrand og Vadheim i Høyanger, forutan eit par stader på Austlandet. Hilleren var i ein kort periode redaktør for […]

Janniche Hilleren

Janniche Hilleren (fødd 1981) er ein norsk barnebokforfattar. Ho er frå Sogndal, busett i Luster.

Oddmund Løkensgard Hoel

Oddmund Løkensgard Hoel (fødd 8. november 1968) er ein norsk språkforskar og forfattar. Han er frå Trondheim og busett i Luster. Hoel er utdanna cand.philol. med nordisk hovudfag og skreiv hovudoppgåva Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865 (1996). Hoel har vore forlagsredaktør i Det Norske Samlaget 1996–2000, og hadde ansvar for lærebøker for h […]

Anne Marta Hoff

Anne Marta Hoff (fødd 1950) er ein norsk kunsthistorikar og forfattar. Ho er frå Solvorn i Luster kommune. Hoff har arbeidd ved Norsk institutt for kulturminneforskning i Bergen 1994-2014. Ho har skrive fleire artiklar og bøker om kyrkjer, og vore forfattar/redaktør for bokverket Norges Kirker.

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, omsetjar og forlagskonsulent fødd i Bergen. Han har gjeve ut over 40 bøker i ulike sjangrar, som dikt, romanar, sakprosa og dramatikk, med barn, ungdom og vaksne som målgruppe. Hovland skriv på nynorsk. Forfattarskapen er prega av «stor fabuleringsevne» og «burlesk humor med absurdisti […]

Bjørg G. Hovland

Bjørg G. Hovland (fødd 1941) er ein norsk bunadprodusent. Ho er frå Luster. Hovland har rekonstruert fleire eldre draktplagg i indre og midtre Sogn, mellom anna har ho bygd på bilete av nasjonalromantiske kunstnarar som Johannes Flintoe og J.C. Dahl. Hovland syr bunader, har halde kurs i bunadssaum og om hovudplagg, og ho har skrive artiklar i fa […]

Norman Kjærvik

Norman Kjærvik (fødd 1957) er ein norsk informasjonssjef og forfattar. Han er oppvaksen i Øvre Årdal i Årdal kommune og busett i Luster. Kjærvik har allsidig bakgrunn frå friluftsliv i norske fjell, i hovudsak frå Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Han har vore breinstruktør i Den norske turistforening og breførar på Nigardsbreen i Josteda […]

Jon Laberg

Jon Laberg (29. april 1859–1948) var ein norsk lærar, lokalhistorikar, statsstipendiat og Venstre-politikar. Han var i oppveksten busett på Ornes i Luster kommune. Laberg hadde eksamen frå Balestrand lærerskole 1876 og frå Stord lærarskule. Han arbeidde som lærar fleire stader: i Hoddevik på Stad i Selje kommune 1876-1878, i Erdal i Lærdal 1878-1 […]

Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim (fødd 11. mars 1945) er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010 var han direktør for Språkrådet. Karriere Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomse […]