Jølster

Elsa Norunn Håheim Nydal

Elsa Norunn Håheim Nydal (fødd 1949) er ein norsk lyrikar og illustratør. Ho er frå Jølster. Nydal er utdanna teiknelærar frå Statens lærerskole i forming, Oslo. Ho har også utdanning frå yrkesskulen i Sand i Ryfylke, linje for rosemåling.

Janne Nygård

Janne-Kristin Svarstad Nygård (fødd 4. september 1989) er ei norsk målkvinne frå Jølster i Sogn og Fjordane, busett i Oslo. Landsmøtet i Norsk Målungdom valde henne til leiar i 2010. Det var ho til 2012. Tidlegare har ho vore skrivar (2008–2009) og nestleiar (2009–2010) i same organisasjonen. I april 2012 vart ho vald til nestleiar i Noregs Målla […]

Knut Øygard

Knut Øygard (27. november 1907–11. mars 1951) var ein norsk prest og lærar. Han var frå Stardalen i Jølster kommune. Øygard tok artium ved Firda gymnas 1927 og vart cand. theol. 1931. Han var reiseprest for NKUF, styrar av Bømoen soldatheim, lærar på Sunnmøre ungdomsskule frå 1938 og sokneprest i Fjell frå 1946 til han døydde.

Johannes D. Sandal

Johannes D. Sandal (1878–1907) var ein norsk typograf og forfattar. Han var frå Sandal i Jølster kommune, og reiste som ung til Bergen der han kom inn på underoffiserskulen. Sandal arbeidde ei tid innan militærvesenet, seinare arbeidde han som typograf. Han var også ein dugande målar og fotograf. Sandal var fascinert av segna om baron Audun Hugl […]

Katrine Sele

Katrine Sele (fødd 1972) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er fødd i København, vaks mellom anna opp i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore, og er busett på Vassenden i Jølster kommune. Sele har vore tilsett i avisa Firda i Førde sidan 1998, der ho i hovudsak arbeidde som kulturjournalist og -kritikar. Ho har gjeve ut artikkelsamlinga […]

Kari Støfringsdal

Kari Støfringsdal (fødd 1947) er ein norsk husstellærar og forfattar. Ho er frå Jølster. Støfringsdal har gitt ut fleire kokebøker. Ho har vore leiar i bondekvinnelaget i Jølster, og ho har hatt sentrale verv i Norges Bygdekvinnelag. Støfringsdal har vore medlem av kommunestyret og varaordførar, vald frå Senterpartiet, frå 2003. I 2014 vart ho […]

Rasmus Sunde

Rasmus Sunde (fødd 1944) er ein norsk historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, oppvaksen i Jølster og busett i Balestrand. Sunde har doktorgrad i migrasjonshistorie. Han var førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, frå 1991 til han vart pensjonist i 2011. Sunde har skrive fleire bøker om migrasjonshistori […]

Fridtjov Urdal

Fridtjov Urdal (fødd 22. mars 1952) er ein norsk kulturarbeidar, kunstformidlar og forfattar frå Sunnfjord. Han vaks opp i Årebrot i Flora kommune og er busett på Vassenden i Jølster. Urdal har inga formell utdanning etter folke- og framhaldsskulen, men var ei tid lærling ved Mo Jordbruksskule i Førde. Sidan 1991 har han vore tilsett ved Sogn og […]

Rakel Viken

Rakel Viken (11. september 1891–24. desember 1995) fødd Bolset, var ei norsk meierske og bygdediktar frå Skei i Jølster. Ho vart mykje brukt til å skrive dikt og prologar, og noko av dette er utgitt i bokform. Ho var gift med folkemusikaren Anders Olsson Viken, og er mor til musikaren Arne A Viken.

Daniel Olsson Vikin

Daniel Olsson Vikin (21. oktober 1886–30. mai 1935) var ein norsk lærar og ordførar. Han var frå Skei i Jølster kommune. Vikin var lærarutdanna og var lærar på Nes på Romerike. Der var han også ordførar for Arbeiderpartiet frå 1929. Vikin var vararepresentant for Akershus på Stortinget 1925-1927 og 1931-1933. Vikin er gravlagd i Jølster. […]