Gloppen

Are Frode Søholt

Are Frode Søholt (4. oktober 1974–18. januar 2012) var ein norsk songar og forfattar frå Gloppen. Søholt var utdanna cand.philol. frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, og hadde arbeidd som prosjektleiar for Tromsø Symfoniorkester, konsulent for Den Norske Opera, prosjektkoodinator for Grieg 07, dagleg leiar for Norsk Barokkorkester og p […]

Henning Sørensen

Henning Sørensen (1961–2018) er ein norsk forfattar og ingeniør. Han er frå Stryn. Etter å ha fullført Firda Gymnas på Sandane i Gloppen hadde han ulike jobbar både i Stryn og på Sandane, før han i 1992 var ferdig på Bergen Ingeniørhøgskole. Han flytta då til Stavanger. Sørensen debuterte i 2006 med kriminalromanen Dommeren.

Absalon Steinsaaker

Absalon Steinsaaker (18. august 1880–13. februar 1943) var ein norsk lærar og forfattar. Han var frå Breim i Gloppen kommune. Steinsaaker tok eksamen ved Elverum lærerskole 1901, og var lærar i Krødsherad, Bjerkreim og Sigdal. Han kjøpte seg gard på Fiskå på Sunnmøre og busette seg der. Steinsaaker var aktiv i ungdomsarbeid og han skreiv mykje i […]

Hege Woxen

Hege Woxen (fødd 17. juli 1975) er ein norsk lyrikar. Ho er fødd i Bærum og busett på Sandane i Gloppen kommune. Woxen har studert spansk, litteratur og idéhistorie ved Universitetet i Oslo og har teke Forfattarstudiet i Bø. Ho har også gått eit toårig forfattarstudium, Litterär gestaltning, ved Göteborgs universitet.