Gloppen

Jostein Hansen

Jostein Hansen (fødd 1944) er ein pensjonert norsk førsteamanuensis i sosiologi og samfunnsfag, fødd på Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Han har arbeidd på Høgskulen i Alta i 34 år. I 2008 flytta han tilbake til Sandane. Jostein Hansen er oldebarn av grunnleggjaren av Evebøfoss, Anders Hansen.

Jon Hellesnes

Jon Hellesnes (fødd 16. september 1939 på Voss) er ein norsk forfattar og filosof. Han budde på Sandane i Gloppen kommune til han var 14 år. Hellesnes begynte i 1985 som professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, der han gjekk av med pensjon i 2007. Han heldt fram som professor II ved Høgskulen i Volda til 2008. I tillegg har han vore gjest […]

Einar Henden

Einar Henden (7. mars 1897–18. mai 1975) var ein norsk elverksjef. Han var frå Sandane i Gloppen kommune. Henden var styrar for Gloppen elektrisitetsverk i 48 år.

Knut Huus

Knut Huus (3. august 1882–11. mars 1971) var ein norsk bonde og forfattar. Han var fødd på Skei i Jølster kommune. Han budde også i Stardalen ei kort tid, før familien drog til Amerika. Han kom attende og busette seg i Gloppen. Huus var aktiv i ungdomslag og skyttarlag. Han gav ut dikt- og novellesamlinga Plogland og vårsol i 1962.

Ole Johnsen Hyenæs

Ole Johnsen Hyenæs (1799–1859) var ein norsk bonde og forfattar. Han var fødd i Gloppen. Hyenæs var haugianar.

Kjellaug Råd Johnsen

Kjellaug Råd Johnsen (fødd 1925) er ein norsk forfattar. Ho er fødd i Gloppen kommune og busett i Tromsø.

Kjersti Kollbotn

Kjersti Kollbotn (fødd 27. februar 1959) er ein norsk sivilingeniør og forfattar frå Breim i Nordfjord, no busett i Tromsø. Etter examen artium utdanna ho seg til sivilingeniør, med doktorgrad i byplanlegging (NTNU, 1993). Feltarbeidet gjorde ho i Guatemala. Ho har vore forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking, og har sidan 1995 bud […]

Jakob Lothe

Jakob Lothe (fødd 25. mars 1950) er ein norsk litteraturvitar fødd på Lote i Gloppen, no Eid kommune. Lothe er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Lothe er utdanna ved Universitetet i Bergen og University of California, Santa Barbara. Han har vore professor ved Universitetet i Oslo sidan 1993, og har arbeidd som universitets […]

Malmfrid Lunde

Malmfrid Lunde (15. januar 1901–18. mai 1976) var ein norsk lærar. Ho var fødd i Breim i Gloppen kommune. Ho gjekk Volda lærarskule og busette seg på Lunde i Jølster kommune. Malmfrid Lunde var lærar fram til 1962.

Reidar Mardal

Reidar Mardal (fødd 1926) er ein norsk politikar. Han er frå Sandane i Gloppen kommune. Mardal var med i Sogn og Fjordane Bondeparti, seinare Sogn og Fjordane Senterparti, frå 1956 til 1994, og var kommunestyrerepresentant for partiet. Mardal gav ut ei bok om historia til Sogn og Fjordane Senterparti og andre lokalhistoriske bøker.