Gloppen

Ove Eide

Ove Lidvar Eide (fødd 1. september 1950 på Sandane) er ein norsk forfattar, bokredaktør, lektor og kulturarbeidar frå Sandane i Gloppen kommune. Han har gått inn for å formidla diktaren Jakob Sande, mellom anna gjennom ein biografi. Liv og virke Ove Eide tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Bergen, der han tok for seg forfattaren Lars Ru […]

Bodil Fjellestad Eikrem

Bodil Fjellestad Eikrem (fødd 1981) er ein norsk kokk. Ho er frå Gloppen. Eikrem har arbeidd på kjende restaurantar som Lofoten Fiskerestaurant i Oslo og Spisekroken i Bergen. Ho er kjøkkensjef på Gloppen hotell i Sandane, og er kåra til Årets Bondelagskokk 2013/2014.

Audun Fitje

Audun Fitje (5. mars 1923–21. mai 2009) er ein norsk sakprosaforfattar.

Robert Reed Flatjord

Robert Reed Flatjord (fødd 27. januar 1982) er ein norsk forfattar. Han er fødd på Sandane i Gloppen kommune. Han debuterte i 2007 med romanen Edward Nansen.

Einar Gimmestad

Einar Gimmestad (fødd 1943) er ein norsk forfattar. Han er busett i Gloppen kommune.

Knut Gjengedal

Knut Gjengedal (17. oktober 1900–14. februar 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Hyen. Han debuterte i 1928 med Guten fraa einsemda, og skreiv i alt 13 bøker, alle på nynorsk, og av desse seks barnebøker. Skildringane frå bøkene hans er henta frå natur og nærområde i Gjengedalen i Hyen der han budde det meste av livet sitt. I 1937 vann han […]

Asbjørn Gjengedal

Asbjørn Magne Gjengedal (fødd 18. april 1940) er ein norsk prest og forfattar, fødd i Hyen i Gloppen kommune. Han er utdanna cand.theol. frå Menighetsfakultetet. Gjengedal arbeidde som feltprest i Bardu frå 1967, før han vart residerande kapellan i Breim i 1969. Han var sokneprest i Gloppen kommune frå 1976 til 1982. I 1982 tok han over som gener […]

Bjørn Grov

Bjørn Grov (fødd 8. oktober 1955) er ein norsk pressemann frå Grov, ved Sandane i Gloppen kommune. Han var redaktør i Firda Tidend frå 1979 til 1987, frå 1988 til 1996 og igjen frå 1997. Grov har ofte vore kåsør for NRK Sogn og Fjordane.

Elin Grytting

Elin Pehrson Grytting (fødd 13. februar 1952 i Bærum) er ein norsk folkemusikar og songar. Grytting har slektsrøter i Aurland i Sogn, og har budd på Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord sidan 1976. Ho er utdanna folkedansar og musikkpedagog, og har studert lokalhistorie og forming. Sidan 1989 har ho vore tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune […]

Jan Nik. Hansen

Jan Nikolai Hansen (fødd 4. oktober 1951) er ein norsk journalist. Han er frå Sandane i Gloppen kommune. Hansen er journalist i Firda Tidend og vikarierte som redaktør for Bjørn Grov frå 1996 til 1997. I 2006 gav Hansen ut boka Dagens tur – året rundt, ei samling frå ein artikkelserie han hadde i Firda Tidend, der han rapporterte frå fotturar til […]