Førde

Liv Nina Wie Hafstad

Liv Nina Wie Hafstad (10. juni 1958–25. mai 2019) var ein norsk rekneskapsførar og forfattar frå Førde i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. I 2016 gav Wie Hafstad ut ei bok der ho skildra sitt eige misbruk av alkohol. «Boken handler om hvilke konsekvenser et negativt avhengighetsproblem kan få», opplyste Liv Nina Wie Hafstad på si eiga nettside. […]

Olaug A. Haugen

Olaug A. Haugen (fødd 1956) er ein norsk bibliotekar og forfattar. Ho er frå Dale i Fjaler kommune og busett i Førde.

Fredrik Høstaker

Fredrik Høstaker (fødd 20. juli 1990) er ein norsk skodespelar og songar frå Førde i Sogn og Fjordane. Han har m.a. gått dramalinja på Firda vidaregåande skule og teaterlinja på Romerike Folkehøgskole. I 2009 gav han ut diktsamlinga I gråsona : ei samling av dikt frå totusenogseks til totusenogni.

Otto Huseklepp

Otto Huseklepp (2. april 1892–31. juli 1964) var ein norsk lærar, organisasjonsmann og Venstre-politikar. Han var fødd i Guddal i Fjaler kommune og busett i Førde. Huseklepp tok eksamen ved Notodden lærerskole i 1915. I nesten heile sin yrkeskarriere var han lærar og styrar ved Sunnfjord Ungdomsskule. I perioden 1923-1929 var han lærar ved Nordf […]

Mathias Indrebø

Mathias Indrebø (23. oktober 1881–ca 1960) var ein norsk forfattar. Han voks opp i Angedalen i Førde. Då Indrebø var 11 år vart han angripen av poliomyelitt og han vart lam i hender og føter. Han var sterkt funksjonshemma heile livet, sjølv om han etterkvart kunne bruka høgrehanda. 17 år gamal kom han til Sophies Minde i Oslo og der lærde han tei […]

Helge Johnsen

Helge Johnsen (fødd 1955) er ein norsk journalist. Han er frå Nord-Vågsøy og busett i Førde. Johnsen har arbeidd i fleire aviser på Vestlandet, frå 1990 i Firda, der han m.a. har vore politisk reportar, kommentator og spaltist. Johnsen har gjeve ut boka «Til Bergen for å ete agn» (Selja forlag 2003), ei samling epistlar med skråblikk på Sogn og Fj […]

Andreas Madsson Karstad

Andreas Madsson Karstad (9. mars 1894–27. september 1971) var ein norsk lærar og slektsgranskar. Han vart fødd og vaks opp på Karstad i Førde kommune (tidlegare Naustdal kommune). I 1965 gav han ut Erdalsslekta : 1764-1964 : ei ættesoge frå Sunnfjord.

Bjarte Daviknes Klakegg

Bjarte Daviknes Klakegg (fødd 1969) er ein norsk grafisk designar og forfattar. Han er fødd i Førde og busett i Bergen.

Anne Johanne Kvale

Anne Johanne Kvale (fødd 11. juli 1924 i Førde, død 6. desember 2015 i Oslo) var ein norsk journalist og politikar. Anne Johanne Kvale debuterte som journalist i avisa Firda og arbeidde der frå 1946 til 1951. I perioden 1956—61 var ho landssekretær i Norges Bondekvinnelag og utdanna seg som sosionom. I ettertid har ho arbeidd som landssekretær i […]

Eldrid Grimeland Lausund

Eldrid Grimeland Lausund (fødd 1935) er ein norsk kyrkjelydssekretær, lærar og forfattar. Ho er fødd i Førde. Lausund tok artium ved Firda gymnas 1954, eksamen ved Kristiansand lærerskole 1957 og vidareutdanning i spesialpedagogikk 1974. Ho var lærar ved Jølster framhaldsskule 1957-1959, ved Eiksmarka skole i Bærum 1959-1962, ved Tingvoll barne- o […]