Flora

Øystein Mikalsen

Øystein Mikalsen (fødd 17. januar 1970) er ein norsk journalist og forfattar. Han vaks opp i Flora og er per 2018 busett i Farsund. Mikalsen har cand.mag med historie, medievitskap og samaliknande politikk som fagområde. Han har jobba som journalist i fleire aviser og som frilans.

Harald Pors Muniz

Harald Pors Muniz (fødd 1953) er ein norsk sjukepleiar og forfattar. Han er fødd i Bergen, men vaks opp i Florø og tok artium der. Han var lærarvikar på Rognaldsvåg skule i Flora kommune 1972-1973. Han tok sjukepleiarutdanning 1976-1980 og vart tilsett som sjukepleiar ved Sentralsykehuset i Akershus.

Gjørol Munthe-Kaas

Gjørol Munthe-Kaas (1893–1977) var ei norsk husmor og forfattar. Ho vart fødd i Florø, reiste til Stavanger i 1900 og til Kristiania i 1916, der ho busette seg. Ho var redaktør for Norsk Ukeblad i perioden 1933-1936. Munthe-Kaas debuterte i 1926 med novellesamlinga Blåskjell. Ho gav også ut bøker under pseudonymet Mon Vinge.

Dag H. Nestegard

Dag Hestetræet Nestegard (fødd 10. februar 1968 i Florø) er ein norsk journalist, forfattar, filmprodusent og redaktør. Han vaks opp i Svelgen i Bremanger kommune, og er busett i Ås kommune i Akershus. Nestegard er cand. mag. frå Universitetet i Oslo. Han har også studert radiojournalistikk ved medielinja ved Høgskulen i Volda. Skuleåret 89/90 va […]

Lorentz Nybø

Lorentz Isidor Nybø (fødd 4. september 1870 i Florø i Kinn kommune, død 5. mars 1912) var ein norsk bladstyrar og typograf. Han gjekk i typograflære på Nordfjordeid frå han var 14 år. Han var typograf i Nordfjordeid, Trondheim og Kristiania. I 1893 starta Nybø det radikale ungdomsbladet Unge Skud. Her var han svært hard i kritikken av makthavaran […]

Gunnar Olsen

Gunnar Olsen (1843–1909) var ein norsk prest. Han var frå Moland. Olsen arbeidde først som sjømann og så tok han cand. theol. i 1872. Han vart sjømannsprest i 1873. Frå 1881 til 1896 var Gunnar Olsen sokneprest i Kinn i Flora. I 1907 vart han prost i Dalane sokn. I 1912 gav han ut «Storm og stille : digte fra havet».

Rolf Orheim

Rolf Orheim (19. mai 1929–15. januar 2005) var ein norsk journalist. Han var frå Stårheim i Eid kommune og busett i Flora kommune. Frå 1953-1997 arbeidde Orheim som journalist og redaksjonssekretær i Firdaposten, i periodar var han også konstituert redaktør. Frå 1970-1980 var han leiar av Flora Arbeidarparti og i fire periodar var han medlem av […]

Egil Russøy

Egil Russøy (fødd 9. oktober 1966) er ein norsk sosionom og forfattar. Han gav i 2012 ut boka Møtet med Hans Nielsen Hauge : historia om Anna frå Voss og Bertel frå Naustdal. Handlinga tek utgangspunkt i tipp-tipp-tippoldeforeldra til forfattaren, og deira kontakt med Hans Nielsen Hauge. Boka er utgitt på Selja forlag. Egil Russøy er frå Flora ko […]

Ernst Sars

Johan Ernst Welhaven Sars (11. oktober 1835–27. januar 1917) var ein norsk historikar og politikar frå Florø. I 1870 fekk han universitetsstipendiat, og i 1874 vart han professor ved Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania. Det mest kjende verket hans er Udsigt over den norske historie, som kom i fire band mellom 1873 og 1891. Bøkene fek […]

Johan Schumann

Johan Schumann (23. september 1832–1911) var ein norsk sauebonde. Han var frå Bergen. Schumann studerte landbruk i Danmark og Skottland, og tok innført skotsk svartfjessau til Norge. Han var ein føregangsmann for vestlandsk sauehald, og dreiv til dømes forsøk med silofôr. Schumann heldt også foredrag og skreiv jordbruksskrift. I 1881 kjøpte han […]