Flora

André Nikolai Haave

André Nikolai Haave (fødd 29. desember 1980) er frå Flora kommune. Han har tre-årig utdanning innan fransk språk og litteratur, etnologi og sosialantropologi. Han har arbeidd som lærar, guide og omsetjar.

Terje Hellesen

Terje Hellesen (fødd 17. mai 1973) er ein norsk forfattar, fødd i Flora, busett i Bergen. Han har gitt ut dikt, romanar og litteratur for barn. Hellesen tok Cand. phil. i 2004, ved Universitetet i Bergen. Han har samarbeida med andre kunstnarar, mellom anna om «Prosjekt Pripyat», som han realiserte i lag med kunstfotograf Børge Bjerk og pressefot […]

Audun Munthe-Kaas Hjermann

Audun Munthe-Kaas Hjermann (8. september 1892–23. desember 1975) var fødd i Flora og var ein norsk forfattar og redaktør. Han var journalist i Aftenposten, redaktør av Smaalenenes Avis 1919 – 1931, seinare Sarpen, av Larvik Morgenavis 1947-1950 og av Tønsberg Blad 1950-1954. Som forfattar av ei mengd barne- og ungdomsbøker nytta han ofte pseudony […]

Oddvar Isene

Oddvar Isene (fødd 1944) er ein norsk adjunkt. Han er oppvaksen på Stårheim i Eid kommune. Isene er utdanna lærar og adjunkt med hovudvekt på norsk og historie. Han har undervist i grunnskule og vidaregåande skule, og dei siste 30 åra jobba han som skuleleiar i ulike kommunar: I Strand kommune var han lærar 1972-1978 og pedagogisk konsulent 1978- […]

Albert Joleik

Albert Joleik (14. mars 1880–30. april 1968) var ein norsk bladmann, målmann og lokalhistorikar. Han vart fødd som Albert Sigvard Andersen den 14. mars 1880 i Flora i Sunnfjord i noverande Sogn og Fjordane fylke. I 1905 fekk han namnet Albert Joleik offentleg godkjend. Joleik tok universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk. Han fullfø […]

Atle Kittang

Atle Kittang (fødd 20. mars 1941 på Kinn, død 1. juni 2013) var ein norsk forfattar, litteraturteoretikar, litteraturforskar og professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Biografi Etter å ha teke artium i 1960, tok Atle Kittang til å studera ved Universitetet i Bergen. I 1966 fullførte han magistergrad i litteraturvitsk […]

Arne Kristiansen

Arne Kristiansen (fødd 1927) er opphavleg frå Flora kommune i Sogn og Fjordane. Han debuterte i 2003 med boka I livets huskestue : en fortelling om hvordan en ungdom fra kysten opplevet sin skiftende tilværelse verden rundt : fra Russøy til Rio, fra Himalaya til Beerentsberg på Jan Mayen.

Samson Madsen Krogness

Samson Madsen Krogness (1830–1894) var ein norsk prest, lærar, redaktør og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Krogness gjekk på Stord Lærarskule 1847-1849. Han var lærar i Naustdal, Kinn, Skien og Kristiania 1849-1866. Krogness studerte teologi 1862-1866 og emigrerte til Amerika i 1866 og vart ordinert same år. Han var prest 1866-1894 og var ogs […]

Martin Loftesnes

Martin Nikolai Loftesnes (24. mai 1901–13. januar 1981) var ein norsk lærar, journalist, redaktør og forfattar. Han var fødd i Bru i Flora kommune. Han gjekk på ein teikneskule i Oslo og målarkurs i Førde. Han var redaktør av Firda Tidend 1929-30 og jobba ved Den nordiske folkehøgskolen i Geneve 1936. Loftesnes dreiv bladet Gjallarhorn i Førde 19 […]

Simon Malkenes

Simon Mikael Malkenes (fødd 24. september 1973) er ein norsk litteraturvitar, forfattar og lektor i den vidaregåande skulen (Ulsrud videregående skole i Oslo). Essaysamlinga Apokalypse nå igjen? vart utgitt på Det Norske Samlaget i mai 2008.