Fjaler

Olaug A. Haugen

Olaug A. Haugen (fødd 1956) er ein norsk bibliotekar og forfattar. Ho er frå Dale i Fjaler kommune og busett i Førde.

Greta af Geijerstam Hekneby

Greta af Geijerstam Hekneby (fødd 1941) er ein norsk historikar. Ho er frå Dale i Fjaler kommune. Hekneby har arbeidd i grunnskulen og som høgskulelektor i norsk ved Høgskulen i Telemark og i tillegg har ho skrive fleire lærebøker i norsk og bøker/hefte om lokalhistorie i Fjaler.

Alf Hellevik

Alf Kolbjørn Hellevik (28. juni 1909–8. november 2001) var ein norsk filolog, språkprofessor og ordbokredaktør som er særleg kjend for standardverket Nynorsk ordliste. Han vart fødd i Fjaler i Sunnfjord, og var ein aktiv målmann gjennom heile livet. I 1938 vart han cand.philol., før han i ein periode var lærar ved Norsk Korrespondanseskole i Oslo […]

Otto Huseklepp

Otto Huseklepp (2. april 1892–31. juli 1964) var ein norsk lærar, organisasjonsmann og Venstre-politikar. Han var fødd i Guddal i Fjaler kommune og busett i Førde. Huseklepp tok eksamen ved Notodden lærerskole i 1915. I nesten heile sin yrkeskarriere var han lærar og styrar ved Sunnfjord Ungdomsskule. I perioden 1923-1929 var han lærar ved Nordf […]

Siri Ingvaldsen

Siri Ingvaldsen (fødd 19. september 1959) er ein norsk bibliotekar og lærar. Ho er fødd i Bergen og busett i Dale i Sunnfjord i Fjaler kommune sidan 1983. Ingvaldsen er bibliotekar og lærar, med hovudfag i historie. Ho har vore tilsett mellom anna ved Universitetet i Agder, Haugland Internasjonale Forskings- og Utviklingssenter (HIFUS), Røde Kor […]

Siw-Anita Kirketeig

Siw-Anita Kirketeig (fødd 1. januar 1988) er ein norsk forfattar frå Vassdalen i Fjaler kommune i Sunnfjord. Kirketeig har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (2008-2009) og ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho er syster til Linda Marie Kirketeig. Siw-Anita Kirketeig debuterte i 2012 med lyrikkboka Alt kjød er grønt gras.

Marie Amalie Landmark

Marie Amalie Landmark (5. august 1845–25. april 1935) var ein norsk husstellærar og kokebokforfattar. Landmark er mest kjent for utgjevinga Kokebok for land og by som kom ut i mange opplag fram til 1932 og selte i over 100 000 eksemplar. Denne boka innheld ikkje berre oppskrifter på mat og råd om kosthald, men er av stor verdi kulturhistorisk av […]

Nils L. Landmark

Nils L. Landmark (11. mars 1775–29. oktober 1859) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Andreas Landmark var ein eldre bror. Landmark var fødd i Christiania, faren var ein kunstvevar innvandra frå Sverige. Sjølv vart han for ein stor del oppfostra hos sorenskrivaren J.D. Stub i Nordfjord. Han tok i 1797 juridisk eksamen i morsmålet i Københav […]

Nils Landmark (1844–1923)

Nils Landmark (7. januar 1844–1923) var ein norsk forfattar av tre bøker. Bøkene handla om først og fremst om misjonsverksemda til Landmark, og om historia til Det norske misjonsselskap. Han var kaptein på misjonsskipet «Elieser» frå 1872 til 1880, og tilsett i Tolletaten i perioden 1880 til 1904. Nils Landmark er gravlagt på Vestre gravlund i […]

Erik Grant Lea

Erik Lawrence Grant Lea (15. oktober 1892–28. april 1979) var ein norsk skipsreiar og jobbetidsspekulant frå Bergen. Lea, som var son til ein «noe eksentrisk språklærer og translatør» i Bergen, arbeidde som kontorist frå han var 16 år gammal. I 1915 etablerte han seg som disponent for ulike reiarlag. Gjennom 1915-16 etablerte han 12 dampskipssels […]