Eid

Trygve Orheim

Trygve Orheim (16. juli 1925–12. april 2012) er ein norsk elektrosveisar og forfattar. Han er fødd og oppvaksen på Stårheim i Eid kommune. I 1956 flytta han til Vatne på Sunnmøre der han, ved sida av gardsbruk, har arbeidd ved Tenfjord Mek. Verksted.

Rolf Orheim

Rolf Orheim (19. mai 1929–15. januar 2005) var ein norsk journalist. Han var frå Stårheim i Eid kommune og busett i Flora kommune. Frå 1953-1997 arbeidde Orheim som journalist og redaksjonssekretær i Firdaposten, i periodar var han også konstituert redaktør. Frå 1970-1980 var han leiar av Flora Arbeidarparti og i fire periodar var han medlem av […]

Edvard Os

Edvard Os ((20. april 1885–9. januar 1970) var ein norsk offiser og norsk domsmann frå Eid kommune i Nordfjord. Han var sjef for Varanger bataljon 1933–1940 og forsvarssjef i Aust-Finnmark 1939–1940. Han moderniserte drifta av organisasjonane Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag som dagleg leiar for båe to i åra 1913–1927. Han var driftsstyrar i No […]

Anders Olai Rindal

Anders Olai Rindal (7. mai 1878–31. mars 1969) var ein norsk lærar og forfattar. Han var fødd i Eid kommune, gjekk amtsskulen i Florø 1896-1897 og skogskulen i Steinkjer 1901. Rindal var nokre år i Amerika før han kom heim og vart buande på heimegarden. Han arbeidde som lærar fleire stader, m.a. på Hjelle, i Botnane og i Rugsund. Rindal var medle […]

Siv Kristin Rotevatn

Siv Kristin Rotevatn (fødd 25. juli 1964) er ein norsk forfattar. Ho er fødd i Oslo, men budde på Leikvin i Eid kommune frå ho var 10-18 år. Rotevatn er utdanna cand.mag. med idéhistorie mellomfag og nordisk grunnfag, og gjekk i 1991 på Forfatterstudiet i Bø. Ho bur i Nedre Eiker.

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn (fødd 15. mai 1987) er ein norsk politikar, stortingsrepresentant og statssekretær for Venstre. Han er frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Han var frå januar 2018 statssekretær for justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug og frå april 2018 for Tor Mikkel Wara. Rotevatn starta si Unge Venstre-karriere som øk […]

Hans Michael Seehus

Hans Michael Seehus (1734–1784) var ein norsk prest. Han var fødd i Hyllestad og vaks opp på Nordfjordeid i Eid kommune. Seehus gjekk på Bergen Katedralskole 1750-52 og var huslærar i Fåberg 1754-1758. I 1758 tok han teologisk embetseksamen i København og var prest i Århus frå 1767 til han søkte avskil i 1784.

Susanne Skogstad

Susanne Skogstad (fødd 1992) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp i Eid kommune, og er busett i Oslo.

Bernt Skrede

Bernt Skrede (fødd 1945) er ein norsk lærar og forfattar. Han er fødd på Norderhov, oppvaksen på Ringsaker, i Mysen, Skjeberg og på Nordfjordeid i Eid kommune. Han har eksamen frå Volda lærarskule med vidareutdanning i pedagogikk, musikk, tysk og ålmenn litteraturkunnskap. Skrede har arbeidd ved fleire folkehøgskular i Danmark, Island og Norge. H […]

Ottar Starheim

Ottar Starheim (16. mars 1946–18. mai 2012) var ein journalist, redaktør og lokalhistorisk forfattar fødd på Stårheim i Eid kommune i Nordfjord. Starheim har sidan 1963 vore journalist i Fjordenes Tidende, VG og NRK Møre og Romsdal. I 1975 vart han styrar av NRK sitt nye kontor for Sogn og Fjordane i Førde. Kontoret starta eigne fylkessendingar […]