Aurland

Åsmund Ohnstad

Åsmund Ohnstad (fødd 4. september 1950) er ein norsk forfattar og historikar frå Aurland i Sogn og Fjordane. Han har lektorutdanning i språk, samfunnsøkonomi og historie ved universitetet i Bergen. Ohnstad har gitt ut fleire bøker om lokalhistorie på norsk og engelsk. Åsmund Ohnstad har vore leiar i Aurland sogelag. Han er son av forfattar og hi […]

Signe Olaug Pedersen

Signe Olaug Pedersen (fødd 1959) er frå Aurland. Ho debuterte som barnebokforfattar i 2010 med Sprett i håret – sug i magen.

Per Sivle

Per Sivle (6. april 1857–6. september 1904) var ein norsk diktar, redaktør og journalist. Mest kjend er han for «Den fyrste song», som vart publisert første gong i 1877, sogedikt som «Tord Foleson» (1885) og barneforteljinga «Berre ein hund» (1887). Oppvekst «Dan fyrste songen, eg høyra fekkvar mor sin song atmed vogga;dei mjuke vék til h […]

Haakon Skjerdal

Haakon Skjerdal (fødd 1948) er ein norsk lærar frå Aurland kommune. Han har vore prosjektansvarleg for festivalen Nynorske litteraturdagar i Aurland i perioden 2007 – 2014.

Finn Tokvam

Finn Tokvam (fødd 25. januar 1972) er ein norsk journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Han er busett i Bergen der han jobbar som journalist og humorist i NRK, mellom anna i programpostane Radio Røynda og P.I.L.S. (Populærmusikk ispedd litt sladder). Han er òg spaltist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn Erix. Tokvam debute […]

Erlend Vinjum

Erlend Vinjum (fødd 1933) er ein norsk lektor, stadnamnforskar og forfattar. Han er fødd i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Vinjum er cand.philol. med fagkrinsen norsk hovudfag, historie mellomfag og kunsthistorie grunnfag. I 1954-55 tok Vinjum NATO`s flygeskule i Canada, og i nærare 10 år tenestegjorde han som flyoffiser. Seinare undervis […]