Askvoll

Jacob Rivedal

Jacob Rivedal (fødd 1862) var ein norsk eigedomshandlar. Han var fødd i Ytre Holmedal i Askvoll kommune, og vaks opp på husmannsplassen Ystekvia. Han emigrerte til Amerika og busette seg i Spokane i Washington.

Kurt Rutledal

Kurt Rutledal (fødd 1959) er ein norsk ingeniør og forfattar. Han bur i Bulandet i Askvoll kommune. Rutledal jobbar som prosessdataingeniør i Nordsjøen.

Johan Schumann

Johan Schumann (23. september 1832–1911) var ein norsk sauebonde. Han var frå Bergen. Schumann studerte landbruk i Danmark og Skottland, og tok innført skotsk svartfjessau til Norge. Han var ein føregangsmann for vestlandsk sauehald, og dreiv til dømes forsøk med silofôr. Schumann heldt også foredrag og skreiv jordbruksskrift. I 1881 kjøpte han […]

Anna Vårdal Søfteland

Anna Vårdal Søfteland (14. september 1895–17. august 1973) var frå Askvoll kommune i Sunnfjord. I 1966 ga ho ut erindringsboka Som menneske til menneske der Vårdal Søfteland fortel om opplevingar frå andre verdskrigen. Ho gifta seg i Os i Hordaland og budde like ved fangeleiren Ulven.

Jørgen Stang

Jørgen Stang (30. september 1924–13. januar 2002) var ein forfattar og biletkunstnar frå Stongfjorden i Askvoll kommune. Han budde mykje i Oslo-området og i Hamburg. Frå unge år skreiv og teikna Stang for Norsk Barneblad, Folket, Fabrikkarbeidaren og Norsk Bondeblad. I 1968 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for Rise Rugge Småttomsenn. […]

Anna Karina Stang

Anna Karina Stang (31. mai 1899–2. august 1996) var ein norsk folkesongar frå Stongfjorden i Askvoll kommune. Bakgrunn Anna Karina Stang voks opp i Stubseid i Stongfjorden i Askvoll i 1899. Ho var yngste dotter til Matias Kornelius Stubseid (1864-1934) og Rakel Amalie Johannesdatter Stubseid (f. Lien). Anna hadde fire eldre systre. Folkesong […]

Jonas S. Vårdal

Jonas S. Vårdal (12. mars 1886–6. januar 1966) var ein norsk lærar og forfattar. Han vaks opp i Holmedal i Askvoll kommune og i Vevring i Naustdal kommune. Vårdal var utdanna lærar og busett på Laksevåg. Han skreiv i aviser og gav ut ei bok.

Sissel Værøyvik

Sissel Værøyvik (fødd 25. august 1959) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp på øya Værlandet i Askvoll kommune, og er busett i Bergen. Værøyvik jobbar med løn/personal, og er også ei av to som skriv livshistoriar i bokform for privatpersonar gjennom Din Historie. Rakels bok er hennar debutroman. Boka er m.a. seld til Polen, Tsjekkia og Tyskland. […]