Askvoll

Mads Flokenes

Mads Flokenes (7. februar 1895–20. mars 1981) var ein norsk lærar og ordførar. Han var fødd i Vevring i Naustdal kommune. Då faren døydde, flytta mora og borna til Askvoll kommune. Flokenes gjekk på folkehøgskule og lærarskule, og han var lærar fleire stader, m.a. i Vevring. Han var mykje med i kommunale styre og var ordførar i Askvoll 1956-1963. […]

Arvid Follevåg

Arvid Follevåg (fødd 1937) er ein norsk rådmann. Han er fødd i Askvoll kommune. Follevåg vart utdanna ved Politiskulen, og gjorde teneste som politimann i Årdal, Naustdal og Fjaler, før han i 1970 vart formannskapssekretær i Fjaler kommune. Stillinga vart i 1975 endra til kontorsjef og seinare til rådmann. Follevåg var rådmann i Fjaler fram til 1 […]

Marianne Furevikstrand

Marianne Furevikstrand (fødd 1979) er oppvaksen i Askvoll og bur i Holmedal i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna avisjournalist og har i tillegg studert samanliknande politikk, historie og nordisk. Ho arbeidde i avisa Firda før ho starta sitt eige firma, Bygdeavisene, i 2008. Ho er bladstyrar for tre bygdeaviser ved Dalsfjorden. I 2014 gav ho ut boka […]

Anders Madsen Gil

Anders Madsen Gil (1870–1950) var ein norsk forkynnar og forfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Anders Madsen Gil var den første som ga ut bøker på Lunde forlag i Bergen. Han gav ut om lag 20 bøker – mange av dei med religiøst innhald.

Nikolaus Gjelsvik

Nikolaus Gjelsvik (fødd 11. april 1866 i Gjelsvik, død 14. november 1938) var ein norsk jurist og målmenneske frå Askvoll kommune. Familie Nikolaus Gjelsvik kom frå Gjelsvik i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gj […]

Johan Peter Gjertsen

Johan Peter Gjertsen (1802–1892) var ein norsk-amerikansk prest frå Atløy i Askvoll kommune i Sunnfjord. Gjertsen var prest, lærar, lensmann, handelsmann og sterkt engasjert i fråhaldssaka. Han emigrerte til USA i 1864.

Karl Johan Grane

Karl Johan Grane (1879–1962) var ein norsk skomakarmeister, lærar og fagbokforfattar frå Askvoll kommune i Sunnfjord. Han var lærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens teknologiske institutt, redaktør i Norsk Skomaker-tidende 1923-1932 og skreiv fleire fagbøker.

Aud Elsa Grøneng

Aud Elsa Grøneng (fødd 1939) er ein norsk forfattar frå Askvoll kommune i Sogn og Fjordane.

Ingeborg Grytten

Ingeborg Grytten (1668–) var ein norsk salmediktar og prestedotter frå Sunnfjord. Saman med Dorothe Engelbretsdotter er ho den einaste kjende kvinnelege diktar i Noreg på 1600-talet. Livet hennar var prega av at ho vart spedalsk i ung alder. Grytten vart fødd i 1668, men det er usikkert kor lenge ho levde. Mest sannsynleg døydde ho kort tid ette […]

Heidi Hattestein

Heidi Hattestein (fødd 1976) er ein norsk frilansfotograf og -skribent. Hattestein vaks opp på Atløy i Askvoll kommune og har heile verda som arbeidsplass. Ho har mellom anna gitt ut den alternative reiseboka om Sør-Amerika Til høgre for Machu Picchu og den illustrerte eventyrboka Jorunn i Alden. Hattestein og Marit Bendz vart kåra til Årets frila […]