Barne- og ungdomslitteratur

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn (fødd 15. november 1980) er ein norsk forfattar. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. I tillegg har han publisert tekstar i antologien Signaler 2001. Tjønn var fødd i Seoul i Sør-Korea, men i 1982 vart han adoptert til Noreg og Feios i Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Brynjulf Jung Tjønn vart i juni 2017 […]

Anne Karin Torheim

Anne Karin Torheim (fødd 12. mai 1953 i Bergen) er ein norsk forfattar, litteraturkritikar, omsetjar og skodespelar. Ho voks opp i Eid kommune i Sogn og Fjordane, og er i dag busett i Stavanger. Ho debuterte med diktsamlinga Tida er verken ute eller inne i 1990, og sidan har ho gjeve ut to diktsamlingar til, éi prosabok og éin roman. Dessutan er […]

Magnus Helge Torvanger

Magnus Helge Torvanger (fødd 1. februar 1951) er ein norsk forfattar, journalist og lokalhistorikar, fødd i Bremanger og busett i Flora kommune. Han har gitt ut barne- og ungdomsbøker og fleire fagbøker for vaksne. Han debuterte i 1979 med barneboka Fantomet er redd.

Marit Tusvik

Marit Tusvik (fødd 13. mars 1951) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar frå Høyanger i Sogn i Sogn og Fjordane, og debuterte i 1979 med dikt-og prosasamlinga Reisa til mandarinlandet. Marit Tusvik skriv romanar, dikt, skodespel, bøker for barn og unge, biletbøker, manus til film og er omsetjar i ulike sjangrar. Ho har illustrert nokre av […]

Norvald Tveit

Norvald Tveit (fødd 22. desember 1927) er ein norsk forfattar og dramatikar frå Leirvik i Hyllestad kommune i Sogn. Som dramatikar er Tveit særleg kjent for skodespela sine. Men han har òg skrive høyrespel og fjernsynsdrama for NRK, mellom anna fleire episodar for TV-seriane Kong Sverre (1978) og Vestavind (1994). Han har også skrive sakprosa, og […]

Jens Vangsnes

Jens Vangsnes (4. juli 1885–27. april 1967) var ein norsk lærar, reisetalar og forfattar. Han var fødd på Vangsnes i Vik kommune. Vangsnes tok eksamen ved Stord lærarskule 1906, og han var lærar i Balestrand, Sand, Luster og Fresvik i dagens Vik kommune og krinssekretær i Sogn krins av Norges Kristelige Ungdomsforbund 1920-1940. Han var lærar og […]

Anne Viken

Anne Viken (fødd 10. august 1979) er ein norsk veterinær, statsvitar, bloggar, skribent, journalist, samfunnsdebatant og forfattar frå Bygstad. Viken er utdanna veterinær frå Norges Veterinærhøgskule og har bachelorgrad i internasjonale studiar frå Universitetet i Oslo. Ho har vore nyhenderedaktør i studentavisa Universitas og arbeidd som journal […]

Magne Wergeland

Magne Wergeland (1899–1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Brekke i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han busette seg på Austlandet. Wergeland tok lærareksamen i 1925, før han reiste til Sambandsstatane og oppheldt seg der frå 1926 – 1933. Han arbeidde deretter som lærar fleire stader før han i 1958 vart lærar i Kongsberg. Bøkene Magne Werg […]