Barne- og ungdomslitteratur

Jens Andreas Friis

Jens Andreas Friis (2. mai 1821–16. februar 1896) var ein norsk språkforskar og forfattar. Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis […]

Yngve Frøyen

Yngve Frøyen (fødd 9. mai 1970) er ein norsk forfattar frå Kalvåg i Bremanger. Han har skrive barne- og ungdomsbøker, og han vart nominert til Uprisen i 2007 for boka Forfedrene og i 2010 for Gutten som hatet desember. Han debuterte i 1999 med spenningsromanen Føniks.

Berit Hellem Giil

Berit Hellem Giil (fødd 24. oktober 1947) er ein norsk barnebokforfattar frå Høyanger i Sogn. Giil er utdanna adjunkt, og har vore lærar i grunnskulen i over tjue år.

Einar Gimmestad

Einar Gimmestad (fødd 1943) er ein norsk forfattar. Han er busett i Gloppen kommune.

Eli Kari Gjengedal

Eli Kari Gjengedal (fødd 24. mars 1971 i Leikanger) er ein norsk forfattar og akvaingeniør. Ho er kanskje mest kjend som tidlegare vêrpresentatør i StormGeo med ein sterk nynorsk profil, der ho mellom anna presenterte vêret på TV 2 frå 2000 til 2012. I tillegg har ho i kortare periodar vore programleiar på kanalen. Eli Kari Gjengedal er utdanna […]

Knut Gjengedal

Knut Gjengedal (17. oktober 1900–14. februar 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Hyen. Han debuterte i 1928 med Guten fraa einsemda, og skreiv i alt 13 bøker, alle på nynorsk, og av desse seks barnebøker. Skildringane frå bøkene hans er henta frå natur og nærområde i Gjengedalen i Hyen der han budde det meste av livet sitt. I 1937 vann han […]

Bjarne Greidung

Bjarne Greidung (fødd 1935) er ein norsk forfattar frå Stryn kommune.

Jarle I. Grønfur

Jarle I. Grønfur (fødd 1949) er ein norsk murar og forfattar. Han er fødd i Stryn og vaks opp i Jølster. Grønfur debuterte i Norsk Barneblad og har skrive fleire noveller i Magasinet for alle og Alle menn.

Jon Grønset

Jon Grønset (7. april 1898–1970) frå Gjemnes kommune på Nordmøre var ein norsk pedagog og forfattar. Han gjekk på lærarskule i Volda på Sunnmøre. Han var rektor på Sogn ungdomsskole i Balestrand frå 1937 til 1955. Bøkene han har gitt ut skreiv han då han var blitt pensjonist. Han skreiv også dikt, forteljingar og sanne historiar. […]

Gerhard Haaland

Gerhard Aslaksson Haaland (fødd 25. april 1876 på Kyrkjebø i Høyanger kommune, død 28. april 1963) var ein norsk lærar og forfattar. Haaland, som var son til ein gardbrukar, tok eksamen ved Notodden lærerskole i 1898. Sidan var han lærar på Klepp 1899-1900, på ein privat jenteskule i Kristiansund 1900-1903 og i folkeskulen i Bergen 1903-1941. H […]