Svenska Akademien sin nordiske pris til Eldrid Lunden

Eldrid Lunden

Svenska Akademien sin nordiske pris for 2021 er tildelt Eldrid Lunden.

Prisen vart innstifta i samband med Svenska Akademien sitt 200-årsjubileum i 1986. Han vert delt ut til mottakarar frå dei nordiske landa som har gjort ein stor innsats innan nokre av Akademien sine verksemder eller interesseområder. Prisen er på 400 000 svenske kroner.

Mottakarar dei siste åra har vore Dag Solstad (2017), Agneta Pleijel (2018), Karl Ove Knausgård (2019) og Rosa Liksom (2020). Eldrid Lunden er den første norske kvinnelege vinnar av prisen.

Lagt inn av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.
Gå til artikkelarkivet >>