P2-lyttarane sin romanpris til Olaug Nilssen

(Foto: Olav Helland)

Olaug Nilssen gjekk heilt til topps i NRK P2 si årlege litteraturkåring med romanen «Yt etter evne, få etter behov». Ein jury som består av utplukka lesarar diskuterte seg for open mikrofon fram til vinnaren.

Juryen meinte mellom anna at Olaug Nilssen skriv «fantastisk godt», at det er mykje humor, sjølv om temaet er alvorleg, at romanen var medrivande og at han seier noko viktig om dagens samfunn og korleis ein taklar utfordringar som overgår evna ein har.

Lagt inn av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.
Gå til artikkelarkivet >>