P2-lyttarane sin romanpris for 2021 til Brynjulf Jung Tjønn

«Kvar dag skal vi vere så modige» av Brynjulf Jung Tjønn vann P2-lyttarane sin romanpris (tildelt februar 2022).  Prisen er NRK si eiga litteraturkåring der ein fagjury nominerer seks skjønnlitterære bøker.  Deretter diskuterer utvalde, leseglade P2-lyttarar seg fram til vinnarromanen, for open mikrofon.

Om vinnarboka seier juryen m.a. at « den vonde historia om Isak treffer fordi den er fortald på ein truverdig måte som samtidig gjev ei kjensle av håp.».  Sjølv seier forfattaren om boka at »når eg skriv veit eg ikkje alltid korleis det ender, og eg blei uroleg sjølv for korleis det skulle gå med Isak.  Men eg vil heller ikkje at det skal bli alt for mørkt, og ville også vise at det er utruleg kor godt barn kan klare seg».

Om Brynjulf Jung Tjønn.

Lagt inn av Bibliotekutvikling Vestland.
Gå til artikkelarkivet >>