Ole Jonny Eikefjord

Fødd: 21. september 1970 Førde

Yrke: kjøkkensjef, kokk

Ole Jonny Eikefjord (fødd 21. september 1970) er ein profilert norsk gourmetkokk,[1] kokebokforfattar og restauranteigar. Saman med forretningsmannen Petter Stordalen[2] eig han restaurantane Eik Annen Etage, Restaurant Eik, Restaurant Fjord og Bella Bambina.[3] Eikefjord har også vore fast kokk på TV2 sitt populære program Sommertid,[2] og han laga bryllaupsmiddagen under det norske kronprinsparet sitt bryllaup den 25. august 2001.[4][5]

Eikefjord kjem frå Førde i Sogn og Fjordane.[6] Han starta, som Terje Ness,[7] kokkekarrieren på Sunnfjord hotell der han gjekk gradene frå lærling til kjøkkensjef. Deretter vart han kjøkkensjef på Hotel Continental i Oslo[8]. Der vart han «oppdaga»[9] av Petter Stordalen, og saman starta dei Restaurant Eik som har fått utmerkinga «Bib-gourmand» heile 9 gonger i Michelinguiden, også i 2013.[10] I kjølvatnet av Restaurant Eik starta dei opp Eik Annen Etage, fiskerestauranten Fjord og italienske Bella Bambina.

Eikefjord gav i 2008 ut den kritikarroste boka Gourmet for folket, som vart nominert til Årets Norske Kokebok same år.[11] I 2011 følgde han opp med kokeboka Fisk og skalldyr – delikatesser fra mesterkokken. Han har også fått toppkarakterar[12][13] for raudvinane sine, ein av dei oppkalla etter seg sjølv: Niepoort OJ Eikefjord Douro.

Eikefjord og investor Petter Stordalen vekte nasjonal oppsikt, då dei opna Restaurant Eik som Norge sin første røykfrie restaurant i 2003 – halvtanna år før eit offentleg røykeforbod vart innført.[14] Eikefjord har fleire gonger teke offentleg avstand frå bruk av gåselever.[1]

Då Justin Bieber besøkte Oslo i mai 2012, åt popstjerna ein trerettars lunsj etterfølgd av hamburger hjå Eikefjord på Restaurant Eik Annen Etage.[15]

Bibliografi

  • 2008 – Gourmet for folket (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7287-4
  • 2011 – Fisk & skalldyr : delikatesser fra mesterkokken (Oslo: Aschehoug) . ISBN 978-82-03-23933-5

Kjelder

Referansar
  1. 1,0 1,1 Mats Løvstad (07.08.2012). «Norsk gourmetkokk vil ikke ha gåselever». ABC Nyheter. Arkivert frå originalen 10. august 2012. 
  2. 2,0 2,1 Horecanytt – Eikefjord på banen med Bella Bambino Arkivert 13. november 2013 på Wayback Machine.
  3. Aftenposten – Neste stasjon Italia Arkivert 13. november 2013 på Wayback Machine.
  4. Skavlan, Fredrik (2001). Det Kongelige Bryllup. Forlaget Press. 
  5. Landsend, Merete (1970). «Små Retter, Stor Fest». Dagbladet. s. 26. 
  6. Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  7. HSMAI – Ukens Navn
  8. Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  9. NRK – Nominert til årets kokebok
  10. Restaurant Eik – Michelin
  11. NRK – Nominert til årets kokebok
  12. Vinofil – OJ Eikefjord & Niepoort – som hånd i hanske Arkivert 13. november 2013 på Wayback Machine.
  13. Vinofil – Terningkast 6
  14. E24 – Tjener Fortsatt Fett På Restaurant Arkivert 13. november 2013 på Wayback Machine.
  15. NRK – Bieber åt treretter og hamburger

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA