Olav  Vikøren

Olav Vikøren

Fødd: 6. november 1884

Død: 5. september 1964

Yrke: skribent

.mw-parser-output .wb-edithandle{display:none;padding-left:0.5em}.mw-parser-output .wd-editable-show .wb-edithandle{display:inline}.mw-parser-output .wd-editable-hide .wb-edithandle{display:none}

Olav Vikøren (6. november 1884–5. september 1964) var ein norsk lærar, misjonsmann og forfattar frå Vik. Han var busett mellom anna på Gjøvik.

Vikøren tok eksamen ved Stord lærarskule i 1904. Han arbeidde som lærar på Hafslo i Luster kommune 1905-1906, i Herand i Hardanger 1906-1912, i folkeskulen i Bergen 1912-1920, ved Bergen Bibelskole 1920-1921, som styrar ved Nordhordlands Folkehøgskule på Frekhaug 1921-1928 og som styrar ved Oppland Kristelige Ungdomsskole, Gjøvik 1928-1945. Han var leiar i Norsk Kristelig Forfatterlag og gav ut fleire bøker.

Ein av sønene, David Vikøren fødd 1926, var i fleire år leiar i Norges Rederforbund.

Bibliografi

Bøker

  • 1917 – For søndagsskolen (Bergen: Lunde)
  • 1917 – Ivar Vaardal : forteljing (Bergen: Lunde)
  • 1925 – Barnesynder (Bergen: Lunde)
  • 1928 – Jubileumsbok for Nordhordlands fellesforeining av Indremisjonen : [1878-1928] (Bergen: Foreiningen)  [Red. av M.A. Hauge og Olav Vikøren]
  • 1939 – På den andre sida (Bergen: Lunde)
  • 1949 – Når Jesus kommer igjen : «Tusenårsriket» og de siste ting (Bergen: Hans Martinussens)

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA