Noralv Pedersen

Fødd: 1975

Yrke: skribent, journalist

Noralv Pedersen (fødd 1975) er ein norsk forfattar og journalist, busett i Vik i Sogn. Pedersen er journalist i NRK Vestland og arbeider med programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han har òg arbeidd i NRK Kulturnytt. Pedersen er språkkontakt i redaksjonen, har vore mangeårig medlem i NRK sitt språkstyre og har halde ei rekkje kurs i godt og rett språk.

Noralv Pedersen er cand.polit. med hovudfag i geografi frå NTNU. Tidlegare arbeidde han som journalist og spaltist i fleire aviser, m.a. Dag og Tid og Klassekampen.

Han har gitt ut fleire bøker. Den første, antologien Fri, kom ut i 1998. I 2009 gav han ut Den gode viljen. Ein dokumentar om norsk fredspolitikk,[1] og i 2013 kom Når far treng meg. Ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg.[2]

Bibliografi

Bøker

  • 1998 – Fri (Trondheim: Tapir) . ISBN 82-519-1318-7 I fulltekst ved nb.no  [Red. saman med Tore Hugubakken]
  • 2000 – Bølgedager : reportasjer om studenter (Trondheim: Tapir) . ISBN 82-519-1573-2 I fulltekst ved nb.no  [Red. saman med Eiliv Gunleiksrud]
  • 2007 – Austen og Vesten på kollisjonskurs : politikarar i Aust-Timor sine oppfatningar av demokrati (Trondheim: Eige forlag)
  • 2009 – Den gode viljen : ein dokumentar om norsk fredspolitikk (Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-430-0481-8
  • 2013 – Når far treng meg : ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg (Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-43007604

Kjelder

  1. «Endå eit fredsprosjekt i grus?», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 12. mars 2020 
  2. «Når far treng meg – ISBN 9788243007604 – Spartacus Forlag», spartacus.no, henta 12. mars 2020 

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA