Merima Maja Brkic

Fødd: 5. mai 1981 Sarajevo

Yrke: skribent

Merima Maja Brkic (fødd 5. mai 1981 i Sarajevo) er ein norsk forfattar. Brkic kom som flyktning frå Bosnia til Årdal i 1993. Ho tok eksamen ved Årdal vidaregåande skule i 2000 og gjekk deretter eit år på Heimly Folkehøgskole i Troms. Deretter tok ho høgare utdanning i England og avslutta med doktorgrad i nevrologi ved Universitetet i Oxford i 2009.

Sidan 2009 har ho hatt fleire stillingar i England. Ho har vore politisk rådgjevar for tidlegare statsminister David Cameron og har vore tilsett i ulike rådgjevings- og forbrukarorganisasjonar, mellom anna Ofgem, Nacro og HM Revenue and Customs.

I 1996 gav ho ut diktsamlinga Stans denne natta! og i 1999 kom Vekk meg. Dikta handlar om krig og om korleis barn opplever han. Brkic fekk Sunnmørsprisen i 1999.[1]

Bibliografi

Bøker

1996 – Stans denne natta : dikt frå Bosnia (Oslo: Tiden) . ISBN 82-10-04130-4 I fulltekst ved nb.no

1999 – Vekk meg : dikt (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5535-9 I fulltekst ved nb.no

I bøker – eit utval

1999 – Godnatt : fortellinger fra vide verden (Oslo: Kulturbro) . ISBN 82-91234-25-6 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Admir og stjerner / Merima Maja Brkic]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. «Nynorskpris til bosniar». Ymseposten. Arkivert frå originalen 2005-03-13. Henta 2. februar 2011. 


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA