Mads  Flokenes

Mads Flokenes

Fødd: 7. februar 1895 Vevring

Død: 20. mars 1981

Yrke: lærar, skribent, politikar

Mads Flokenes (7. februar 1895–20. mars 1981) var ein norsk lærar og ordførar. Han var fødd i Vevring i Naustdal kommune. Då faren døydde, flytta mora og borna til Askvoll kommune. Flokenes gjekk på folkehøgskule og lærarskule, og han var lærar fleire stader, m.a. i Vevring. Han var mykje med i kommunale styre og var ordførar i Askvoll 1956-1963.

Flokenes var venstremann, fråhaldsmann og målmann. Han skreiv mykje i blad og aviser.

Bibliografi

Bøker

  • 1965 – Kulturkamp i Sunnfjord : soga om måtehaldsrørsla og Sunnfjord D.N.T. i hundre år (Førde: Sunnfjord fylke av D.N.T.) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  • Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring. Naustdal: Naustdal sogelag. 2010. s. 124. ISBN 978-82-91462-06-6.  [Redaktørar: Harald Jarl Runde, Arthur Søgnen, Hallstein Erdal]
  • Gravminner i Norge

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA