Lovleg – ein vestlandsk versjon av Skam
-180x180.jpg)
(Foto: Kjersti Wøien Håland)
Nesten kvar dag denne hausten har ein ny sms, ei ny melding på messenger, eit bilete på instagram og/eller ein ny videosnutt blitt publisert i nettserien Lovleg. Lovleg er bygd over same lest som Skam, men Oslo er bytt ut med Sandane i Gloppen, familiebustad med hybel, oslomål med vestlandsdialekt og bokmål med nynorsk.
Kjersti Wøien Håland, forfattar frå Høyanger, har skrive manus til serien som tek for seg ungdom som byrjar på Firda vidaregåande skule. Som serieskapar og manusforfattar har ho fått boltre seg med karakterane si framstilling både i skrift og munnleg, og ho har hatt eit særskilt fokus på å la dialekt og skriftleg framstilling spegle og utvikle karakterane i serien.
Les meir om Kjersti Wøien Håland her.
Gi tilbakemelding
Legg du inn e-post og/eller telefonnummer, kan vi kontakte deg for ev. oppfølging.
(Skjemaet blir sendt til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, tilbakemeldinga blir ikkje liggande på nettsida.)