Kjellaug Ese

Fødd: 1924

Yrke: skribent, sjukepleiar

Kjellaug Ese (fødd 1924) er ein norsk-amerikansk sjukepleiar og forfattar.

Ho vart fødd i Balestrand og emigrerte til USA i 1956, der ho utdanna seg til anestesisjukepleiar og busette seg i Minnesota. Ese har arbeidd som anestesisjukepleiar ved Mayo-klinikken i Rochester i Minnesota. Seinare dreiv ho ein privat pleieheim. Sommaren 2018 flytta Ese tilbake til Norge og busette seg i Sogndal.

Bibliografi

Bøker

  • 2005 – Sognarim i sognaånd (Balestrand: Yglebotten) . ISBN 82-997062-0-3  [Illustrasjon: Bjørg Frøisok Bjøberg]
  • 2018 – Små born er som blomar i livet (Balestrand: Yglebotten) . ISBN 978-82-997062-2-3  [Illustrasjoner av Ruth Wenche Ese]
  • 2019 – Små born er som blomar i livet (Balestrand: Yglebotten) . ISBN 978-82-997062-3-0  [Illustrasjoner av Ruth Wenche Ese. 2. opplag er ei endra utgåve]

Lydbøker

  • 2004 – Sognarim : forteljingar pao sognamaol (Sogndal: Sognalyd)  [1 cd]

Kjelder


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA