Nyhende

Forfattarnettstad for Nord-Noreg

I utviklinga av nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane» har vi samarbeidd med Nordland fylkesbibliotek. Dei nøyer seg ikkje berre med forfattarar frå Nordland, men dekker alle dei tre nordlegaste fylka. På «Litteraturnett Nord-Norge» finn du informasjon om nordnorsk litteratur og nordnorske skjønnlitterære forfattarar. I enkelte tilfelle tar dei også med bøker med handling lagt til […]

Ove Eides forslag til litterær kanon

På lanseringsarrangementet for Forfattarar frå Sogn og Fjordane heldt Ove Eide eit foredrag der han snakka om den litterære fylkestoppen, og kom med forslag til ein litterær kanon for Sogn og Fjordane. Utvalet har han avgrensa til å gjelde dei som debuterte før 1990, men i foredraget trakk han også fram fleire av dagens forfattarar. […]