Arnfinn  Kolerud

Arnfinn Kolerud

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 5. november 1968 (51 år) Isfjorden

Yrke: Forfattar

Periode: 1996 –

Sjanger: barne- og ungdomslitteratur

Debut: Berre ikkje brøyteplogen kjem

Arnfinn Kolerud (fødd 5. november 1968 i Isfjorden)[1] er ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar.

Kolerud er fødd i Isfjorden og seinare busett i Måløy i Kinn kommune.

Kolerud debuterte i 1996, og har fått ei rad prisar for bøkene sine. Dei to prisløna bøkene utmerker seg ved å vere stillferdige bøker som med konkrete sansingar frå oppvekst på 1970-talet gjev innblikk i guteliv, tidsbilete og bygdeliv. Den eine boka hans har vorte samanlikna med oppvekstskildringar av Tarjei Vesaas.

I 2018 var boka Snillionen ei av tolv utvalde bøker med filmpotensiale som vart tekne ut til programmet Books at Berlinale.[2]

Bibliografi

Bøker

  • 1996 – Berre ikkje brøyteplogen kjem- (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4871-9 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Arne Roar Lund]
  • 2004 – Den som ikkje har gøymt seg no (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6231-2
  • 2007 – Zoomarferien : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7045-0
  • 2010 – Jakta på Andy Anderssons Eftf. (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7774-9  [Illustrert av Per Ragnar Møkleby]
  • 2010 – Når ein først skal skyte nokon : første roman av tre (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7759-6
  • 2012 – Kom ikkje inn i mitt hus : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8156-2
  • 2017 – Snillionen (Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-02-55307-4

I bøker – eit utval

  • 1996 – Heltane er mette : og andre noveller for ungdom (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-4874-3 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Da Petter Smart var på ferie / Arnfinn Kolerud, side 75-86]
  • 2013 – Monsterboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-191-7  [Av innhaldet: Monsternytt / Arnfinn Kolerud]

Prisar og utmerkingar

  • Kulturdepartementets debutantpris – 1996
  • Nynorsk barnelitteraturpris – 1996
  • Kritikerprisen – 2004
  • Nynorsk barnelitteraturpris – 2004
  • Guro Sandsdalens litteraturpris – 2005[3]
  • Kulturdepartementets litteraturpris[4] – 2018

Referansar

Bakgrunnsstoff


Teksten er henta frå Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA